Herold

Årbok nr. 29 på det 30. året – saknar stoff frå Vaksdal

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Kent Amundsen Published: 2025-12-04 04:00:00
Årbok nr. 29 på det 30. året – saknar stoff frå Vaksdal

Årboka til historielaget er på plass for 29. gong, men ein slit med å få inn nok stoff. Særleg frå Vaksdalområdet.

Søkjer fleire bidrag frå Vaksdal

Dette kan du lese i årets bok

Oppmodar til lokalt engasjement

Skryt til redaktøren

Sjølv om det er 30 år sidan Årboka til Vaksdal historielag kom ut for første gong, er årets utgåve nummer 29 i rekkja.

  • Det har si årsak i at me to gonger har hatt dobbeltutgåver. Det var i 2019-20 og 2022-23. Sidan den første utgåva kom i 1995 og den siste i 2025, vert det 29 bøker til saman. Om me ikkje hadde hatt desse dobbeltutgåvene så hadde boka i år vore nummer 31, fortel Sigmund Simmenes, som sit både i redaksjonen til Årboka og i styret til historielaget.

I føreordet til boka trekkjer redaksjonen fram at innhaldet er variert, men at det ikkje speglar alle områda like godt.

  • Stoffet kjem hovudsakleg frå Stamnesområdet, Bergsdalen og Dale. Årsakene til det, kan vera fleire. Tekstane skal koma frå folk flest og ikkje frå oss i redaksjonen. Sjølv om me lagar litt stoff sjølve og prøvar å henta inn tekstar frå alle delar av kommunen, har me vanskar med å få tak i innlegg, seier dei.

Historielaget slit særleg med å få stoff frå Vaksdal. Dette er eit område dei meiner burde ha rikeleg med historier, både frå industrisoga og frå lange tradisjonar i bygdelivet elles.

Innhaldet i boka denne gongen varierer frå fråflytta husmannsplassar og utvandring frå Vaksdal kommune, til dikt og bilete frå tidlegare tider. Ein får også høyra søstrene Rigmor Aronsen og Bjørg Kleven fortelja frå sine lange liv i jobb på fabrikken på Dale, og om livet etterpå.

I ein omfattande tekst frå Åse Gammersvik får ein innsikt i korleis det var å gå på skule i ei lita grend, sett inn i ei skulehistorisk utvikling.

Redaksjonen for årboka ønskjer å utfordra til meir lokalt engasjement i nærmiljøa.

  • Me vil oppmoda lesarane om å vera med å delta med sin kunnskap om fortida. Sjølv om du ikkje har noko å by på, kan me godt få tips om folk me kan kontakta for å få tak i godt stoff. Alt er av interesse, seier Simmenes.

Han vil også trekkja fram redaktøren for Årboka.