Herold

Fleire bruksforbod i kontroll

Plus
Kilde: HF Author: Inga Øygard Jaastad Published: 2026-05-08 17:01:00
Fleire bruksforbod i kontroll

Statens vegvesen gjennomførte torsdag kontroll på Seljestad kontrollstasjon langs E145. Tunge køyretøy og varebilar var fokusområde i kontrollen.

I alt var 87 køyretøy over kontrollplassen, og to av desse var lette køyretøy.

Det blei tildelt to bruksforbod på tilhengarar, den eine for eit defekt dekk, den andre fordi ingen av lysa verka. Føraren på sistnemnde blir meld til politiet.

To vogntog fekk bruksforbod på grunn av lengde/breidde.

Ein annan førar måtte sikra lasta betre før han fekk køyre vidare.

🏷️ Extracted Entities (2)

E145 (entity) Seljestad (place)