Samstemt julestemning av Frida og Oda på Vaksdal
Plus
Laurdag kom julestemninga på Vaksdal, og den skapte publikum saman, på konserten i samfunnssalen laurdag.
Få ledige plassar
Juleforteljing
På dialekt
Ein magisk halvannan time
Det var nok akkurat det Frida Amundsen og Oda Eirin Almeland frå Voss, Oda med artistnamnet «Taus», song om i den nye julesongen som dei gjev ut no like før jul.
Godt over 150 hadde møtt fram til julekonserten i samfunnshuset på Vaksdal. I år har dei tre konsertar, ein i Kinsarvik, ein på Vaksdal laurdag – og søndag reiste dei til Voss.
- Det var sjølvsagt svært kjekt for meg å vera på Vaksdal, mi eiga heimbygd, det var heilt spesielt for meg. På same måten er det for Oda å koma til Voss. Og ekstra kjekt at det kom så mange folk og høyrde på oss, seier Frida til VP.
Det høyrer også med til bakgrunnen for konsertane, at Taus for to år sidan sende ein e-post til Frida og lurte på om ho ville ha konsert med ho.
- Oda hadde alt då ideen om å laga ei historie gjennom konserten. Eg fekk ei god magekjensle då, så eg sa ja. Eg hadde aldri møtt ho før, men dette har utvikla seg til i eit veldig fint samarbeid, seier Frida.
Konserten på Vaksdal opna med vakker julestemning, og dei avslutta på same viset med den nye songen frå Frida/Taus, ein song som ber namnet «Julefrø». Inni mellom hadde dei fleire innslag med eit barnekor frå kulturskulen. Eit kor som Frida sjølv har undervist den siste tida, og som hadde øvd inn konserten, noko som viste og høyrdest godt både i stemmevolum og innleving. Unge Alba Myrvold var også solist på ein av songane, og det takla ho fint.
Frida og Oda fortalde også si eiga julehistorie, som gjekk som ein teiknefilm i bakgrunnen. Ei historie om at ønskjelistene til julenissen vart borte, og det viste seg at han hadde gøymt dei bort sjølv. Sikkert fordi han aldri fekk julegåver, men berre gav bort og gledde andre. Som i gode historier med lukkeleg ende, så ordna det seg dette også – gjort tydeleg med strekane som utvikla seg på bakveggen i takt med musikken og historia.
Kjende julesongar kom som perler på ei snor; «Det lyser i stille grender» som ein av dei som sit svært godt i minnet. «Tenner våre lykter», «Skal vi laga snømann», «La det snø», «Sett fyr på himmelen», «Stjernesludd», «For vår jord», «Jul i svingen» og «Godnattsang», fleire av dei var barnekoret med på. Det vert ekstra fint når barnestemmer stemmer i, slik som på Vaksdal.
Frida og Oda hadde orkester med seg, på begge sider av scena – mellom dei lysande juletrea, og innimellom song og spelte Frida sjølv. Stemma til Oda er både vakker og sterk, Frida si er litt annleis, liksom ein litt annan «sound», som det heiter. Det er lenge sidan ho let oss få høyra stemma si for første gong på ei tilstelling i Dalehallen i 2007. Vakkert då, og vakkert no.
Dei skal ha ros for å syngja på dialekt også, sjølv på bokmålssongar der det passa langt betre med nynorske ord og vendingar, som dei to tydelegvis hadde lagt opp til. Det gjorde opplevinga endå nærare for oss som høyrde på, og fekk bodskapen på vårt eige mål.
Lyssetjinga og stemninga i salen vart nesten magisk mot slutten, då dei frammøtte song med på «å skapa da' sammen», som det heiter mellom anna heiter i julesongen deira. Etter eit par omgangar song publikum godt med, og klarte nett å skapa den stemninga som dei to songfuglane på scena heilt sikkert var ute etter. Ein stemning som følgde oss langt ut i novembernatta, sjølv om den var både mørk og regntung.
Då hjelper det litt å ha litt gjenklang av juletonar og barnestemmer i minnet. Håpet om ei slik fager og fredeleg, og gjerne kvit jul, som «Fager er jordi» fortel om. Håpet kan no ingen ta frå oss.
Julekonsert og ny single frå Frida og TAUS
Frida med ny låt på norsk
Frida og Taus spreidde musikalsk juleglede
Daledagsstart med frigjeringskonsert og ungdomsarrangement