Minneord om Ingvild Jøsendal
Plus
Ingvild Jøsendal er gått bort. Det var ein uventa dødsbodskap å få.
Me kjende begge Ingvild som kollega frå åra på Odda vidaregåande skule og som medarbeidar i Odda Mållag.
Ingvild Jøsendal var ein særs dugande lærar, noko som mellom anna viste att på eksamensresultata til elevane. Ho kunne faga sine, anten det var norsk eller engelsk. Ingvild var oppteken av eit godt klassemiljø og eleven si læring. Ho underviste både på yrkesfag og på studieførebuande, og ho var kontaktlærar på studieførebuande i mange år.
Ingvild var meir enn vanleg samfunnsengasjert. Me kan òg ta med at ho las mykje og var glad i litteratur.
Ho var omgjengeleg, pliktoppfyllande og strukturert, og for oss som kollegaer var det ei glede å samarbeida med henne.
Fram gjennom åra var ho engasjert i Odda Mållag, både som styremedlem i lokallaget og som medlem i skriftstyret for Odda i manns minne.
Tidleg på 90-talet kom ho inn i styret i Odda Mållag. Me minnest at ho alt då skreiv ein særs innsiktsfull kronikk i Norsk Tidend, medlemsbladet til Noregs Mållag.
Det fyrste landsmøtet ho deltok på var på Vinstra i 1994, og det siste var på Gardermoen i 2022.
Ei av dei sakene ho brann for, var å få tilbake ordninga med språkdeling på Odda ungdomsskole. Det var eit arbeid som mållaget fekk gjennomslag for på Stortinget i 2022.
Ingvild var ikkje redd for å ta ordet, og seinast på landsmøtet i 2022 heldt ho eit innhaldsrikt innlegg der ho kom inn på utfordringar mållaget og nynorsken står overfor. Ho peikte mellom anna på kor viktige lærarane er for elevane, slik at dei vert trygge målbrukarar. Likeins nemnde ho òg kor viktig det er at det nynorske skriftmålet har ei enkel og klar rettskriving. Eitt anna moment i innlegget hennar var eksamensordninga i skuleverket og særleg i den vidaregåande skulen. Ho understreka kor uheldig det er at sidemålet er gjort til eit trekkfag, og at krava er ulike i hovudmålet og i sidemålet.
I all si gjerning var Ingvild Jøsendal klar og tydeleg, og med eit stort engasjement både som lærar og som ei ivrig og engasjert talskvinne for det nynorske skriftspråket.
Me lyser fred over minnet hennar.