Kvar får eg kjøpt mjølet mitt til julebaksten?
Plus
Frå fridom til tvang?
Korleis har ein hamna i ein slik situasjon i Vaksdal kommune?
Kven tenar på dette?
Kva skjer med beredskapen?
Kven sitt ansvar er det?
3 matvaregigantar styrer nesten 97 % av daglegvaremarknaden i Noreg. To av dei styrer åleine over 75 %. I Vaksdal kommune styrer desse to aktørane 100 % av marknaden.
Er dette eit resultat av fri konkurranse, eller har me i realiteten «monopolliknande» tilstandar? Og kva betyr dette for beredskap og sjølvforsyning?
Som utflytta vaksdøling er det ikkje kvar dag eg tar turen til Coopen på Vaksdal. Men, når juletida nærmar seg, freistar det å handla litt av dei lokalt produserte produkta som pinnekjøt, korv og andre godsaker.
Og så må julekakene bakast, og då er det jo like greitt å få kjøpt med seg det lokale mjølet til baksten. Men til mi store overrasking så kunne eg ikkje få kjøpa mjølet som blir produsert 100 meter lengre nede i vegen. Eg trudde mest ikkje det eg høyrde. I min gamle heimkommune er det ikkje lenger råd å få kjøpt bakstmjøl som vert produsert i Vaksdal kommune! Eg blei rådd til å ta turen til Voss eller Bergen dersom eg ville ha tak i dette.
Meiner dei som driv sal av bakstemjøl i kommunen at dersom eg vil ha det lokalproduserte mjølet frå Vaksdal, så må eg reisa ut av kommunen for å kjøpa det? Er det slik at dei som har sitt daglege arbeid hos Norgesmøllene må leggja handleturen til Bergen eller Voss for å kjøpa mjølet som dei sjølve har produsert på Vaksdalsmølne? Og dersom ein må ta handleturen til stadar utanfor kommunen for å kjøpa lokalprodusert mjøl, så gjer ein gjerne unna resten av vekehandelen der også, noko som medverkar til auka handelslekkasje.
På Coopen blei eg fortald at eg kunne jo kjøpa Regal kveitemjøl i staden. Då tenkte eg på dei som har jobba hardt på mølne for å produsera «Vaksdalsmjølet» … Skal dei vera nøydde til å kjøpa konkurrenten sitt matmjøl? Kven skal i så fall kjøpa det mjølet som dei sjølve har produsert? Og kva vil då kunna skje med deira eigne arbeidsplassar?
Det viser seg at det er ikkje berre i Vaksdal kommune ein ikkje får kjøpt Norgesmøllene sitt mjøl. Frå 1. mars i år er det nærast berre mjøl frå svenskeigde Lantmannen Cerealia (Regal) ein finn i butikkhyllene hos NorgesGruppen og Coop. Det norske alternativet, «Norgesmøllene», som er eigd av Felleskjøpet er fjerna frå desse selskapa sine butikkhyller
Coop, med sine OBS, Mega og Extra-butikkar, har ein marknadsandel på 29,2 %, og omsette for 64,6 milliardar kroner i 2024. Resultatet blei eit overskot på 631 millionar etter at dei hadde betalt ut kundeutbytte på 1,4 milliardar og brukt ca. 1,6 milliardar på rabattar og medlemskupp.
Dei marknadsfører seg som «Litt ditt», dei «deler med halve Norge» og hevdar at dei også er «forbrukarane sin eigen butikk». Men trass i dei fagre orda så verkar det som dei har sagt farvel til både den norske bonden, Felleskjøpet og til «mitt mjøl» frå Norgesmøllene.
NorgesGruppen, landets største aktør med heile 43,5 % av marknaden (Kiwi, Meny, Spar, Joker m.fl.) har også valt å berre tilby mjøl frå Lantmannen Cerealia. Selskapet hadde ein omsetnad på 118 milliardar i 2024. Overskotet blei på 4,9 milliardar og eigarane tok ut ca. 1 milliard i utbyte. «Små marginer» seier kjedene. Men marginane ser ikkje små ut når overskot og utbyte blir rekna i milliardar.
Sjølvsagt er det bra at selskapa går med overskot, men ein treng ikkje vera økonom for å sjå at det blir lite overskot hos Felleskjøpet, og dermed redusert utbyte til den norske bonden, når desse marknadsgigantane tykkjer det er best at overskotet frå matmjølet vårt går til den svenske bonden.
I dag har me berre 3 møller i Noreg, Norgesmøllene sine anlegg i Buvika i Trøndelag, Vaksdal i Vestland og Skien i Telemark, alle eigd av Felleskjøpet, som gjev overskotet sitt til den norske bonden. Den andre mølla som produserer matmjølet vårt, ligg i Oslo, er eigd av den svenske bondeorganisasjonen Lantmannen Cerealia, og er einaste matmjølet som no er å få kjøpt i Coop og Norgesgruppen sine butikkar.
Kven skal male og selje korn frå beredskapslagera, når meir enn 75 % av butikkane i landet ikkje sel mjøl frå andre enn Lantmannen Cerealia? Må me, i tillegg til å importera mjølet me treng til julebakst, også importera det me treng til beredskap?
Ole-Johannes Larsen, pensjonist.