Herold

Gjekk seg vill i Sogndal-fjella

Plus
Kilde: Firda Author: Einar LundsĂžr Published: 2026-05-08 19:29:18
Gjekk seg vill i Sogndal-fjella

Fredag kveld var mannskap frÄ RÞde Kors og Norske Redningshunder kalla ut til Slakkafjellet i Sogndal.

Ein mann i slutten av tenÄra hadde gÄtt seg vill, melder operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.

Han trong hjelp til Ă„ kome seg ned att. Posisjonen hans var kjend, men han var tynt kledd og opplyste Ă„ vere kald.

– Han er ikkje skada. Redning er sett i gang. Politipatruljen har kĂžyrd eit godt stykke oppover fjellsida mot vedkomande, som no opplyser Ă„ ha observert patruljen, melder Kolltveit kl. 21.24.

Politiet hadde tidvis kontakt med mannen. I 21.30-tida hadde Norske redningshunder kontakt med mannen i terrenget.

Kl. 21.50 melder Kolltveit at aksjonen er avslutta:

– Den sakna er vel tilbake til patruljen. Noko kald, men det er ikkje behov for helsetilsyn.

Meiner staten viker frĂ„ eigne lĂžfte: – Skuffa

I dag glĂžymde eg noko viktig. Det skal ikkje skje igjen

Held fram samarbeidet med kronprinsesse Mette-Marit

Har funne fasit: Om lag 30 meter med skadd rasveg mÄ fiksast

đŸ·ïž Extracted Entities (7)

Sogndal (place) Frode Kolltveit (person) Norske Redningshunder (organization) Mette-Marit (person) RĂžde Kors (person) Slakkafjellet (entity) Vest (entity)