Herold

Framleis etterforsking: – Politiet ser sakene i samanheng, men ber om tips

Plus
Kilde: Valdres Author: Geir Helge Skattebo Published: 2026-05-08 14:01:00
Framleis etterforsking: – Politiet ser sakene i samanheng, men ber om tips

Det har vorte stjole kopar frå Ulnesbrue to gonger, men også to andre stader i Innlandet. Sakene blir sett i samanheng.

ULNES/FAGERNES: I januar forsvann det fleire koparplater som var festa til søylene på Ulnesbrue. I slutten av april vart meir av koparplatene borte.

Byggjeleiar for bruvedlikehald i Innlandet fylkeskommune, Knut Lomsdalen, fortalde at dei no skiftar ut koparen med aluminium.

Tjuvane har vore på ferde att på Ulnesbrue, men no tek fylkeskommunen grep

Etterforskinga held fram hos politiet i Valdres, men dei har ikkje nokon som er mistenkt eller sikta i sakene.

Politistasjonssjef Kristoffer Magnus Tessem seier at dei ser tjuveriet i Ulnes i samanheng med to andre tjuveri av kopar i Innlandet.

– Vi ønskjer tips i saka og den er under etterforsking. Det er politiet i Valdres som no har alle desse tre sakene, seier Tessem til avisa Valdres fredag.

Ber om tips i forbindelse med kobbertjuverier: – Noter gjerne bilnummer

Forsynte seg av kobberbeslag frå brua

🏷️ Extracted Entities (5)

Innlandet (entity) Ulnesbrue (entity) Kristoffer Magnus Tessem (person) Knut Lomsdalen (person) Ulnes (place)