Midlertidig vÄpenkvile mellom Ukraina og Russland
Dagen fÞr Russland sin Ärlege militÊrparade i Moskva, stadfestar Ukrainas president ei vÄpenkvile pÄ tre dagar.
Saka oppsummert:
- Ukraina og Russland stadfestar ei kortvarig vÄpenkvile initiert av USAs president Donald Trump.
- VÄpenkvila skjer dagen fÞr Russland si Ärlege markering av sigeren i andre verdskrig.
- Det vil ogsÄ skje ei fangeutveksling av totalt 2000 personar mellom landa.
VÄpenkvila skal vare gjennom helga, skriv USAs president Donald Trump pÄ Truth Social.
â ForhĂ„pentlegvis er dette byrjinga pĂ„ slutten for ein veldig lang, dĂždeleg og hardt utkjempa krig, skriv Trump.
Ei fangeutveksling av 1000 fangar frÄ kvart land skal ogsÄ finne stad, ifÞlge Trump.
VÄpenkvila kom i hamn dagen fÞr Russland si Ärlege markering av sigeren i andre verdskrig.
No «tillÚt» den ukrainske presidenten at paraden skal skje utan fare for ukrainske angrep, kjem det fram i eit dekret.
Krigen omhandlar langt meir enn berre kamphandlingar, forklarar Jakub M. Godzimirski, forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).
â Vi mĂ„ hugse at denne krigen ikkje berre gĂ„r fĂžre seg pĂ„ slagmarka, men ogsĂ„ gjennom retorikk, seier han.
â NĂ„r Zelenskyj kjem med ei slik utsegn, er det ein mĂ„te Ă„ sende eit signal om at Ukraina har kontroll over situasjonen, legg han til.
Zelenskyj var pÄ besÞk i Noreg 14. april.
Fangeutveksling mellom landa
Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj stadfestar vÄpenkvila pÄ Telegram.
Zelenskyj understrekar at det viktigaste for han er fÄ heim ukrainske fangar.
â For Ukraina er lĂžysinga pĂ„ eit av denne krigen sine viktigaste humanitĂŠre spĂžrsmĂ„l, nemleg frigjering av krigsfangar, alltid eit tungtvegande argument for vĂ„r posisjon, skriv han.
â Den raude plass er mindre viktig for oss enn liva til dei ukrainske fangane som kan bli frakta heim, legg han til.
NRKs korrespondent i Kyiv om vÄpenkvila:
Donald Trump stadfesta i kveld ei vÄpenkvile mellom Ukraina og Russland.
OgsÄ Russland har sagt ja til Trump sitt initiativ om vÄpenkvile, stadfestar rÄdgivaren til Vladimir Putin, Jurij Usjakov, til det russiske nyheitsbyrÄet TASS.
â Det viktigaste som er avtalt i lĂžpet av vĂ„penkvileperioden er Ă„ gjennomfĂžre ei fangeutveksling med tusen personar frĂ„ kvar side, seier Usjakov til det russiske nyheitsbyrĂ„et RIA.
â Det er av stor betydning at president Trump sitt initiativ er lagt nettopp til 81-Ă„rsjubileet for sigeren over nazismen, vĂ„r heilage merkedag, understrekar han.
NRKs korrespondent i Moskva kommenterer utviklinga:
â Mange liknande vĂ„penkviler
Ei kortvarig vÄpenkvile mellom landa er ikkje nytt, forklarar Godzimirski.
â Det kan bli tolka som ei slags innrĂžmming frĂ„ Putin, men det har vore mange liknande vĂ„penkviler fĂžr som ikkje har leia til noko positivt i denne krigen, seier han til NRK.
Samtidig understrekar forskaren at den store fangeutvekslinga er eit positivt teikn, ettersom det landa plar Ă„ utveksle rundt 100 personar.
â Det som er viktig er at USA har kome tilbake pĂ„ banen i forhandlingane. Det kan bidra til at denne krigen blir avslutta pĂ„ ein fornuftig mĂ„te, seier Godzimirski.
Men ei langvarig vÄpenkvile er lite truleg i nÊraste framtid, ifÞlge Russland-forskaren.
FĂžlg utviklinga i krigen her:
Trugslar om hemnangrep
Russland har tidlegare bede Ukraina om ei kort vĂ„penkvile under markeringa 9. mai â noko ukrainarane signaliserte at dei ikkje ville gĂ„ med pĂ„.
I forkant av militÊrparaden i Russlands hovudstad laurdag, har Ukraina rÄka landet med drone- og missilangrep.
Det har leia til trugslar frÄ Russland om «uunngÄelege hemnangrep», ifÞlge Russlands utanrikstalskvinne Marija Zakharova.
Kvelden fÞr markeringa snudde ukrainarane, som blei med pÄ ei kortvarig vÄpenkvile.
Russiske kampfly hadde ei Þving over Vasilijkatedralen pÄ Den raude plass i Moskva, i forkant av Putins parade 9. mai.
Interessert i det som skjer i verda? HĂžyr podkasten til Urix her:
đ Related Articles (1)
View Graph