Herold

«Ølhunden Berit» og «Team Pølsa» med flest prisar på Gullruten

Kilde: NRK Author: Vidar Eidhammer Published: 2026-05-08 19:24:26 Last updated: 2026-05-08 20:16:09
«Ølhunden Berit» og «Team Pølsa» med flest prisar på Gullruten

Ein dramaserie og ein realityserie stakk av med flest prisar då TV-bransjen feira seg sjølv under Gullruten i Bergen i kveld. Ein ikkje ukjend kokk vann heidersprisen.

Ikkje uventa fekk NRK – serien «Team Pølsa» fleire prisar under fredagens Gullruten-utdeling i Bergen.

PUBLIKUMSPRIS: Benjamin Midtbø Høydal frå Gulen i Vestland var med i årets sesong av «Team Pølsa»

Den svært populære serien vann publikumsprisen, og prisen for beste reality – og livsstilsprogram. I tillegg vann Erik Tomter prisen for årets deltakar.

ÅRETS DELTAKAR: Erik Tomter har sjarmert mange i «Team Pølsa».

Sjå alle vinnarane her:

Ein annan NRK – serie som vann tre prisar var «Ølhunden Berit».

Anders Baasmo vann for beste skodespelar, og Jonas Strand Gravli for beste skodespelar i ei birolle. Serien vann også prisen for beste dramaserie.

– Eg trur denne serien er svært viktig. Me lever isolerte liv, der me kan få det me vil på døra, utan å møta eit einaste menneskje. Nettroll har ikkje blitt mindre aktuelt – dei har til og med flytta inn i Det kvite huset, seier Baasmo til NRK.

PRISVINNAR: Anders Baasmo på veg opp på scena for å motta pris.

NRK vann flest prisar

I alt 13 av dei 20 prisane gjekk til program som har gått på NRK. TV 2 fekk tre prisar, TVNorge/HBO Max to prisar, og VGTV ein pris.

LITE DRAMA: Skodespelarane i «Psykodrama» jublar for prisen for beste humordrama.

Den tjuande og siste prisen var heidersprisen, som gjekk til kjendiskokk Eyvind Hellstrøm.

LANG KARRIERE: Eyvind Hellstrøm fekk heidersprisen på Gullruten. Her er han eit par år yngre, saman med Ingrid Espelid Hovig.

Det var kulturminister Lubna Jaffery som delte ut prisen. I grunngjevinga sa Hellstrøm brenn så sterkt for faget sitt at det er umogleg å ikkje la seg engasjera.

– Han har påverka heile det norske folks forhold til mat. Han har gjeve mat, som kunst og som eit symbol på fellesskap, ein status i Noreg som han kan vera stolt av, sa Jaffery.

LIDENSKAP: Det har Eyvind Hellstrøm fullt av, ifølgje prisutdelar Lubna Jaffery.

Til pressa sa Hellstrøm etter tildelinga at det var utruleg kjekt.

– Eg har halde på med TV ganske lenge, så det er fantastisk. Eg tenkjer at mat, humor, kjærleik og venskap er det som gjer oss til gode menneske, sa Hellstrøm.

– Siktar mot Trump

NRKs korrespondent Yama Wolasmal vann pris som beste programleiar for fakta og aktualitet. I programmet «Yama utfordrar» intervjuar han kjende menneske i internasjonal storpolitikk.

Og slikt kan vera nervepirrande, også for ein garva journalist.

– Eg er alltid nervøs og har høg puls før slike intervju, men det gjer meg også skjerpa. Når kameraet blir slått på kjem roa over meg, og eg klarer å konsentrera meg, seier Wolasmal.

SIKTAR HØGT: Gullrutevinnar Yama Wolasmal har eit mål om å intervjua USAs president Donald Trump.

Og han har eit klårt mål om kven han helst vil intervjua.

– Me siktar høgt. Me siktar mot Trump. Kvifor ikkje? Det er lov å drøyma, seier han.

🏷️ Extracted Entities (25)

Gullruten (entity) Team Pølsa (entity) Eyvind Hellstrøm (person) Ølhunden Berit (entity) Anders Baasmo (person) Donald Trump (person) Kjendiser og internett (Underholdning) 📁 (category) Kultur & Underholdning 📁 (category) TV-serier 📁 (category) Yama Wolasmal (person) Bergen (entity) Erik Tomter (person) Lubna Jaffery (person) TV (entity) Benjamin Midtbø Høydal (person) Gulen (entity) Ingrid Espelid Hovig (person) Jonas Strand Gravli (organization) Noreg (entity) Psykodrama (entity) TVNorge/HBO Max (organization) USA (entity) VGTV (entity) Vestland (place) Yama utfordrar (entity)

📊 Metadata

Category: Kultur & Underholdning, Kjendiser og internett (Underholdning), TV-serier
OpenGraph Title: «Ølhunden Berit» og «Team Pølsa» vann tre prisar på Gullruten
Twitter Title: «Ølhunden Berit» og «Team Pølsa» vann tre prisar på Gullruten