Herold

Arbeid på riksveg 13 mellom Leikanger og Hella

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Sigrid Nese Thue Published: 2026-05-08 10:35:37
Arbeid på riksveg 13 mellom Leikanger og Hella

Statens vegvesen gjer nattarbeid på tre punkt på strekninga førstkomande veke.

Dei tre punkta er merkt med raud sirkel på kartet.

– Natt til måndag, tysdag og onsdag, med arbeidstid klokka 23.00-05.30, skal me masseutskifta veggrunnen for å hindra setningar. Dette er forarbeid til legging av ny asfalt, seier byggjeleiar Heidi Strandos i Statens vegvesen i ei pressemelding.

På dei tre punkta vil vegen vera stengd medan jobben pågår.

– Vegen er smal, og det er ikkje mogleg å gjera jobben utan å stengja han, legg Strandos til.

Onsdag blir det asfaltering på dei tre punkta. Jobben tek om lag ein time, og då blir vegen stengd på same måte.

🏷️ Extracted Entities (4)

Hella (entity) Leikanger (entity) Heidi Strandos (person) Statens (entity)