Røykutvikling frå vogntog på E16
Plus
Vegtrafikksentralen melder klokka 13.53 at eit vogntog har fått stans like aust for Flenjatunnelen på E16 mellom Gudvangen og Flåm.
Køyretøyet sperrar delvis austgåande køyrefelt.
Det skal ha vore røykutvikling frå køyretøyet og brannvesenet er på veg på staden.
Klokka 14.18 seier trafikkoperatør John Andreas Omdal til Sogn Avis at det er snakk om varmgang i bremsene på køyretøyet.
Brannvesenet er framme på staden, og køyretøyet er ute av vegen, ifølgje trafikkoperatøren.
– Akkurat no prøver me å få kontakt med kontrollstasjonen i Lærdal for å få eksperthjelp. Dei vil få vidare råd før dei eventuelt slepp han vidare eller han må innom ein verkstad, seier Omdal.
Kart med ID 537587
Saka blir oppdatert
🏷️ Extracted Entities (7)
E16
(entity)
John Andreas Omdal
(person)
Flenjatunnelen
(entity)
Flåm
(entity)
Gudvangen
(entity)
ID
(entity)
Lærdal
(place)