Herold

Gjekk seg vill på fjellet: – Kald, men er ikkje skada

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Wenche Schanke Eikum Published: 2026-05-08 19:33:45
Gjekk seg vill på fjellet: – Kald, men er ikkje skada

Det er fredag kveld sett i verk ein redningsaksjon i Sogndal etter at ein ung mann melde frå at han hadde gått seg vill på fjellet.

Vest politidistrikt fek melding klokka 20.35 at mannen, som er i slutten av tenåra, har gått seg vill i området Slakkafjellet.

Han er tynnkledd og treng hjelp til å koma seg ned att. Posisjonen hans er kjend for politiet.

– Politiet har hatt tidvis kontakt med mannen på telefon. Han opplyser å vera noko kald, men er ikkje skada, melder operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Redning er sett i gang, og frivillige mannskap frå Røde Kors og Norske redningshundar er kalla ut.

Ei politipatrulje har køyrt eit godt stykke oppover mot vedkomande. Mannen skal no sjå patruljen frå der han oppheld seg.

Klokka 21.35 har mannskap frå Norske redningshunder fått kontakt med vedkomande i terrenget, og klokka 21.50 er han vel nede ved politipatruljen. Aksjonen vert avslutta.

🏷️ Extracted Entities (5)

Norske (entity) Frode Kolltveit (person) Røde Kors (person) Slakkafjellet (entity) Sogndal (place)