Herold

Fryktar fyll og bråk – stengjer av her natt til 17. mai

Plus
Kilde: Hordaland Author: Geir Geitle Published: 2026-05-08 02:00:00
Fryktar fyll og bråk – stengjer av her natt til 17. mai

Det skal ha vore mellom 150 og 200 ungdommar i aktivitetsparken og ved servicebygget, mykje drikking, vald og fullt av flasker som vart knuste.

På bakgrunn av erfaringar natt til 1. mai då det samla seg mange ungdomar, blir aktivitetsparken ved inngangen til Prestegardsmoen stengd natt til 17. mai.

Det var rådmann Martin W. Kulild i Voss herad som orienterte dei folkevalde om dette, heilt på tampen av møtet i Voss heradsstyre torsdag.

– At me vel å stengja området natt til 17. mai, er ei vurdering av at det er for stor risiko å halda det ope både for ungdomane sin del og for parken, seier Kulild.

Rådmannen kjem i tillegg med ei oppmoding til foreldre om å halda born til og med ungdomsskulealder heime og vekke frå sentrumsområdet etter klokka 21 natt til 17. mai.

– Rein flaks det ikkje oppstod skadar

Oppmodinga kjem basert på hendingar natt til 1. mai, seier rådmannen. SLT-gruppa i Voss herad har hatt møte og vurdert hendinga i etterkant.

– Den kvelden samla det seg mellom 150 og 200 ungdomar ved servicebygget for bassenget og i aktivitetsparken. Mange av dei som var der, var ikkje gamle, og det vart drukke mykje alkohol, held rådmannen fram.

SLT-gruppa står for Samordning av lokale førebyggjande tiltak, og er eit tverrfagleg samarbeid for å førebyggja rus og kriminalitet mellom born og unge.

– Det var rein flaks at det ikkje oppstod materielle skadar på bygg og anlegg, seier rådmannen.

Videoar sirkulerer på nett: Full etterforsking etter slåstkampane i helga

Glasbrot over alt

Mellom anna knuste ungdommane mykje flasker, og det florerte med glasbrot både i aktivitetsparken og på området rundt.

I tillegg kasta ungdomane frå seg mykje bos rundt omkring på bakken.

– Bosdunkane var iallfall relativt tomme, seier rådmannen.

Han legg til at det også skjedde ei valdshending der ein ung mann vart slått, i tillegg til at det har skjedd andre valdshendingar med ungdommar andre stader i sentrumsområdet den siste tida.

– Nokon har tydelegvis hatt det kjempemoro her

Laga flammar med sprayboks inne på senteret

🏷️ Extracted Entities (4)

Voss (entity) Martin W. Kulild (person) Prestegardsmoen (entity) Samordning (entity)