Kjem med åtvaring: Meir mai-snø i vente
Plus
I helga kan det koma opp mot 15 cm snø på fjellovergangane.
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for snø, for deler av fjellområda i vest.
Farevarselet gjeld frå laurdag morgon klokka 04, og varer til laurdag klokka 17.
– Det kan koma opp mot 15 cm snø på fjellovergangane over Vikafjellet, Sognefjellet, Filefjell og Aurland-Hol. Snøgrensa vil liggja på mellom 700 og 900 meter, seier meteorolog Emili Carin Rønning.
Rønning seier at dei som har skifta til sommardekk og som skal over fjellet, bør vera obs.
– Me sender ut eit varsel no når me har kome så langt ut i året, for det er jo mange som har bytta til sommardekk. Det er lurt å vera obs på at det kan verta både snø og glatt på desse fjellovergangane.
Det er eit vêrskifte som kjem inn frå nordvest som fører til mai-snøen i høgfjellet.
– Situasjonen er litt lik som på måndag denne veka. Me får inn vind frå nordvest som gjer at det blir litt kaldare, og det kjem nedbør. Det vert kaldt både laurdag og sundag, men utover neste veke går temperaturane opp igjen, seier Rønning.
Fryktar fyll og bråk – stengjer av her natt til 17. mai
Hadde montert dette framme på køyretøyet: – Ikkje lov