Demokratiet må spegle heile landet
Stortinget behandlar no ei sak som ved første augekast kan sjå ut som ei rein administrativ grensejustering: Gran kommune kan bli flytta frå Innlandet fylke til Akershus fylke. Men dette handlar ikkje berre om kart og fylkesgrenser. Det handlar òg om korleis demokratiet vårt er skrudd saman – og kven som får politisk tyngd når avgjerdene blir tekne.
Når fylkesgrenser flyttar på seg, flyttar også valdistrikta Ved stortingsval er Noreg delt inn i 19 valdistrikt. Regjeringa legg opp til at dersom Gran byter fylke, skal kommunen også flyttast frå Oppland valdistrikt til Akershus valdistrikt. Grunngjevinga er at valdistrikt i utgangspunktet ikkje bør gå på tvers av fylkesgrenser, mellom anna fordi fylkeskommunane har viktige oppgåver i gjennomføringa av valet. Det kan høyrest ryddig ut. Men det er ikkje nøytralt.
Ei «lita» endring kan gi store utslag
Mandata på Stortinget blir fordelte etter ein modell som tek omsyn til både folketal og areal. Det er nettopp for å sikre at Noreg ikkje berre blir styrt etter folketettleik, men at også store distriktsområde får reell representasjon. Departementet understrekar at det ikkje er mogleg å føreseie nøyaktig kva som skjer med mandatfordelinga i 2028 (som gjeld valet i 2029), fordi heile landet inngår i same utrekning og folketalsutviklinga spelar inn.
Likevel peikar komitébehandlinga på at scenario-berekningar (alt anna likt) mest sannsynleg kan slå ut slik at Nordland mistar eitt stortingsmandat til Akershus dersom Gran blir flytta til Akershus valdistrikt. Det er ikkje sikkert – men det er ein reell risiko. Og det er nettopp dette som uroar meg: At politisk makt bit for bit blir flytta sørover, gjennom endringar som kvar for seg kan sjå små ut, men som samla sett forsterkar ei tydeleg utvikling – at Nordland kan bli ståande att med berre 8 stortingsrepresentantar, og Nord-Noreg samla med 19 – medan området frå Nordlandsporten og sørover får rundt 150. Dette handlar ikkje berre om tal, men om kven som blir høyrde når avgjerdene blir tekne.
Historia viser kor sårbar denne balansen er. Då Grunnlova blei vedteken under Riksforsamlinga på Eidsvoll, var ikkje Nordland, Troms eller Finnmark representerte. Det minner oss om at geografisk representasjon aldri kan takast for gitt.
Folkestyret skal spegle hele landet
Når distriktsfylke mistar mandat, handlar det ikkje berre om tal. Det handlar om kven som blir høyrde når nasjonale prioriteringar blir gjorde, korleis vi veg saman omsyn til beredskap, ressursforvaltning, næringsliv og busetjing, og om vi faktisk har eit folkestyre som speglar heile landet – ikkje berre dei mest folkerike områda.
Nordområda er ikkje ein utkant i norsk politikk. Dei er ein strategisk hovuddel av Noreg – med store naturressursar, viktige arbeidsplassar og ei tryggleikspolitisk rolle som berre blir viktigare. Då blir det eit paradoks om den landsdelen som er mest strategisk viktig, gradvis får mindre politisk tyngd.
Smalare representasjon gir smalare rekruttering Når det blir færre plassar å kjempe om i eit distrikt, blir også breidda i kven som slepp til mindre. Erfaring viser at det ofte blir tøffare for kandidatar frå små kommunar, yngre kandidatar, folk med vanlege yrke og svakare nettverk, og ofte også kvinner, når konkurransen om få «trygge» plassar hardnar til. Dermed handlar dette ikkje berre om geografi, men også om mangfald, likestilling og reell representasjon.
Senterpartiet sitt standpunkt
Som Senterpartiet er vi tydelege: Vi kan ikkje stille oss bak endringar som – alt anna likt – svekkjer distriktsfylke sin representasjon på Stortinget, utan at dette er grundig og prinsipielt vurdert. Skal vi ha busetjing, verdiskaping og tryggleik i heile landet, må vi også ha eit demokrati som speglar heile landet. Det er ikkje Nord-Noreg som er for stort. Det er demokratiet som blir for trongt når representasjonen blir for liten.