Herold

Hets, sjikane og truslar høyrer ikkje heime i demokratiet vårt

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Leif-Erik Senneset, leiar i Bremanger Arbeidarparti Published: 2026-05-08 05:09:29
Hets, sjikane og truslar høyrer ikkje heime i demokratiet vårt

Det skal vere høgt under taket i politikken.

Vi må tole usemje, sterke meiningar og sakleg kritikk. Det er ein viktig del av demokratiet. Men det er forskjell på å vere skarp i sak - og å drive med hets, sjikane og truslar mot menneske. Dei siste åra opplever eg at tonen i kommentarfelta har blitt stadig hardare.

Filteret verkar mange plassar å vere heilt vekke. Vi har sett det både lokalt og nasjonalt. No ser vi det igjen mot AUF-leiaren. Ein person som overlevde terroren på Utøya blir møtt med kommentarar der folk påstår at 22. juli aldri fann stad, med personhets, hån og kommentarar som antydar vald. Det handlar ikkje lenger om politisk usemje eller sakleg debatt.

Vi såg det også lokalt i tidlegare saker, der folkevalde fekk kommentarar som “brenn i helvete” og “sviker”, og der forklaringa etterpå var at det berre var sagt “i kampens hete”. Men det kan ikkje vere slik vi aksepterer at offentleg debatt skal fungere.

Samtidigtrur eg det er viktig å seie at ingen av oss er ufeilbarlege. Sjølv den beste av oss kan få ei overtenning i enkeltsaker. Men kanskje må vi alle prøve litt meir å møte kvarandre med respekt, også når vi er djupt usamde. For vi kjem ikkje vidare som samfunn dersom debatten berre blir hardare, meir personretta og meir prega av sinne.

Vi kan vere rivande ueinige politisk.Det kjem vi alltid til å vere og vi skal tåle harde, men saklege diskusjoner og tilbakemeldingar. Men vi må klare å skilje mellom sak og person. Det handlar ikkje om eitt parti eller éi sak. Dette handlar om debattkulturen vår og kva slags samfunn vi ønskjer å ha. Usakleg hets, sjikane og truslar høyrer ikkje heime i demokratiet vårt.

🏷️ Extracted Entities (2)

AUF (entity) Utøya (entity)