Herold

Blir nattestengd mellom Sogndal og Hella

Plus
Kilde: Firda Author: Sindre Osland Yndestad Published: 2026-05-08 08:20:21
Blir nattestengd mellom Sogndal og Hella

Vegvesenet gjer nattarbeid pÄ tre punkt pÄ strekninga fÞrstkomande veke.

Natt til mÄndag, tysdag og onsdag, blir det stengd pÄ rv. 13 mellom Sogndal og Hella, frÄ klokka 23.00-05.30.

– Vi skal skifte ut massar for Ă„ hindre setningar i veggrunnen. Dette er forarbeid til legging av ny asfalt, seier byggjeleiar Heidi Strandos i Statens vegvesen.

PÄ dei tre punkta vil vegen vere stengd medan jobben gÄr fÞre seg.

– Vegen er smal, og det er ikkje mogleg Ă„ gjere jobben utan Ă„ stenge han, legg Strandos til.

Onsdag blir det asfaltering pÄ dei tre punkta. Jobben tek om lag ein time, og dÄ blir vegen stengd pÄ same mÄte.

đŸ·ïž Extracted Entities (4)

Hella (entity) Sogndal (place) Heidi Strandos (person) Statens (entity)