Uroa for økonomien: Lovar ikkje lån til Alverbadet
Plus
Politikarane var stort sett samde om å vera forsiktig med pengeløftene no.
– Det er liten tvil om at eit stort og flott bad høyrer heime i Knarvik. Det er ei framtidsutsikt som er veldig forlokkande. Samstundes er det stor økonomisk usikkerheit til dette, seier Torgeir Andvik (Sp).
Han uroar seg for både finansutgiftene og driftsinntektene til det planlagde symjeanlegget. Han fryktar at kommunen ikkje vil greia å handtera kostnadane dei vil få med prosjektet.
– Om me har noko på hjarta, må me seia det no, og ikkje venta til det har kome så langt at det ikkje let seg stoppa.
Andvik kan under tvil støtta reguleringsarbeidet, men vil samstundes legga føringar for at det vidare engasjementet ikkje kan gå utover andre tenester i kommunen.
– Må kjenna vår besøkelsestid
Nina Bognøy (Ap) vil gjerne koma i gang med reguleringsarbeidet. Det vil uansett ta tid, seier ho. Vidare meiner ho at Idrettsrådet må få uttala seg i saka.
Men nokon lånegaranti har kommunen ikkje økonomi til no, meiner Bognøy. Det er fleire einige i.
Stian Lavik (KrF) reagerer på at fleire verkar negative til å bistå prosjektet.
– Viss me ikkje er villige til å satsa på denne typen prosjekt, vil me ikkje utvikla kommunen. Det er ein aktør her som har skaffa mange millionar til veie for å få dette til. Då må me kjenna vår besøkelsestid, seier han.
Det betyr ikkje at ein må gje lånegarantiar no, meiner han. Men han vil vera langt tydelegare på at kommunen ønsker å bidra.
– Eg opplever nok ein gong at Lavik ikkje tek den økonomiske situasjonen på alvor. Det er mange kommunar som har knekt ryggen på slike ting, seier Andvik.
Det veit ikkje Lavik korleis han skal svara på. Han peiker på at han sjølv var sentral i arbeidet med budsjettet som fekk fleirtal, og som han meiner tek økonomien på alvor.
– Me må gjera fleire ting samstundes. Me må ta grep om økonomien, men òg investera for ei betre framtid.
– Uforsvarleg
Nils Marton Aadland (H) har òg nokon tvil rundt prosjektet, sjølv om han meiner det er flott.
– Utfordringa er ikkje investeringa, men drifta. Me har sett tilsvarande anlegg i Langesund, der det var tre konkursar før dei fekk det i balanse.
Han meiner det vert uforsvarleg av kommunen å gje garantiar no, men vil likevel signalisera at dei kan vera ein medspelar.
Ordførar Sara Hamre Sekkingstad (Sp) meiner forslaget frå kommunedirektøren er tydeleg på at kommunen ønsker å realisera prosjektet, sjølv om dei ikkje vil koma med lånegarantiar no.
Sjølv håpar ho at kommunen har god nok økonomi til å bidra ytterlegare innan detaljreguleringa er ferdig.
– Næringslivet har tatt eit stort ansvar for å gjera regionsenteret vårt meir attraktivt, seier ho.
Fleirtalet støttar å starta reguleringsarbeidet, men halda att på lånegarantiane. I tillegg går eit knapt fleirtal inn for Andvik sitt forslag om at kommunen òg må ta omsyn til økonomien i det vidare arbeidet med prosjektet.
Saka skal avgjerast i kommunestyret.