Herold

Set opp ekstra båtruter inn til Bergen

Plus
Kilde: NH Author: Aksel Hallan Halmøy Published: 2026-05-07 18:45:38
Set opp ekstra båtruter inn til Bergen

Fløyfjellstunnelen stenger i helga. No får folk tilbud om å båttransport inn til byen.

(BERGENSAVISEN): Vanlegvis går berre hurtigbåtane frå Knarvik til Bergen i kvardagene.

Men laurdag 9. mai setjast det inn ekstraruter på sambandet mellom Knarvik, Frekhaug og Strandkaien frå klokka 10 til 18.

Det er på grunn av stenginga av Fløyfjelltunnelen at dette skjer, melder Skyss på si nettside.

Sørgåande løp i tunnelen haldast nemleg stengd heile helga, og det er venta trafikkaos i sentrum.

«Det køyrer buss til og frå Knarvik kai til kvar avgang og ankomst ved båten», skriv Skyss.

Slik blir helga: – Ikkje reis med mindre du må

– Det vil hjelpe

Til Strilen seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp) at det var han som høyrde med administrasjonen om det var mogleg å få dette til.

«Eg er veldig glad for at både Skyss og mannskapet hjå Fjord1 stiller opp på så kort varsel», skriv han i ei melding til avisa.

Han håpar at flest mogleg vil bruke båt på laurdag.

«Det vil hjelpe veldig på trafikksituasjonen i Bergen sentrum denne travle dagen, slik at byen blir best mogleg å vere i under alle arrangementa som skal skje», seier han og viser til konfirmasjonar, konsertar og visning av cupfinalen på Torgallmenningen.

Smartembed for https://www.ba.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=537032

Ikkje reis om du ikkje må

Fløyfjelltunnelen stengjer grunna arbeid. Ein brannsikker straummforsyning skal etablerast.

Avgjerda blei tatt lenge før det blei klart at Brann var i cupfinalen.

Statens vegvesen har bede folk om å late bilen stå laurdag, og frarår på det sterkaste å køyre via Sandviken eller over Bryggen.

Alle reisande denne helga må rekne med ekstra tid då det vil bli forseinkingar i trafikken.

– Vi oppmodar alle som ikkje må reise til å la vere. Om du har ærend du kan utsetje, er dette ikkje helga for å dra på Ikea, har pressekontakt Ingrid Dreyer i Skyss uttalt.

Om ein absolutt må sørover frå Åsane, er omkøyring via Hardangervegen, altså Grimesvingane oppmodinga.

– Det kjem til å bli kø. Dette vil gje store forseinkingar og lang ventetid for alle involverte, har seksjonssjef Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen varsla.

🏷️ Extracted Entities (20)

Bergen (entity) Skyss (entity) Knarvik (place) BERGENSAVISEN (entity) Brann (entity) Bryggen (entity) Fløyfjelltunnelen (entity) Frekhaug (entity) Grimesvingane (entity) Hardangervegen (entity) Ikea (entity) Ingrid Dreyer (person) Jon Askeland Sp (person) Jørn Kristian Engebø (person) Sandviken (entity) Statens (entity) Strandkaien (entity) Strilen (entity) Torgallmenningen (entity) Åsane (entity)