Framleis problem med vatnet på Vaksdal
Plus
Fleire husstandar på Vaksdal manglar onsdag framleis vatn eller har dårleg trykk. Kommunen leitar etter lekkasjen, og Samfunnssalen er open for dei som treng dusj og drikkevatn.
Det er framleis problem med vassforsyninga på Vaksdal. Somme område manglar vatn heilt, medan andre har dårleg trykk i krana. Kommunen jobbar med å finna feilen, som vart meldt måndag.
Leitar etter lekkasjen
Mannskap har søkt etter feilen gjennom natt til onsdag. Ulike ressursar arbeidar for å finna lekkasjen på vassleidningsnettet.
- Mannskapa har ikkje funne noko enno, men alle tilgjengelege ressursar er på saka, seier kommunikasjonsansvarleg i Vaksdal kommune, John Eirik Anfinsen.
Kommunen trudde tysdag kveld at feilen låg i Brualeitet. Det viste seg å vera feil. Mannskapet søkjer no i nye område.
Kokevarsel og lagring
Vatnet må framleis kokast i enkelte område. Dette gjeld for Botnavegen, Brualeitet og Krekane. Kommunen ber folk om å lagra vatn til eige bruk dersom dei har høve til det.
Tilgang til dusj og vatn
Samfunnssalen er open for dei som ikkje har vatn i heimen.
- I Samfunnssalen har folk tilgang til dusj, garderobe og toalett. Ein kan fylla vatn frå vassposar som kommunen har plassert der, opplyser Anfinsen.
Det er òg mogeleg å tappa vatn frå ein hydrant ved Vaksdal Senter.
Kommunen sender ut ny melding når lekkasjen er utbetra, vert det opplyst.
Framleis problem med vatnet på Vaksdal
Kommunen har sendt ut kokevarsel