Herold

Kompani Lauritzen avslutta på Dale

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Esben Hesjedal Published: 2026-05-06 12:55:11
Kompani Lauritzen avslutta på Dale

I fjor haust vart innspeling av Kompani Lauritzen observert i Veafjorden, på Stanghelle og Dale. No er siste episode vist på TV2, og det heile vert avgjort på Dale.

Laurdag vart finale-episoden av den populære TV2-produksjonen sleppt, og kikka ein då eller ser finale-episoden som ligg ute på TV2.no, er det rikeleg av TV-bilete frå våre område.

Landa i Veafjorden

I nest siste episode vart deltakarane frakta i fly frå Voss, for så å kasta seg ut i fallskjerm over Veafjorden. Så, i siste episoden, bar ferda vidare inn Dalevågen og fram til Dale og fabrikklokale der.

Det er langt frå første gongen Kompani Lauritzen besøkjer Dale.

Eline M. Strøm i Seefood TV, som står for innspelinga av TV-serien, fortalde i fjor haust at det er ulike grunnar til at ein har vore fleire gongar og gjort opptak i Vaksdal kommune.

- Fantastiske rammer

- Me har mellom anna vore på Dale, Stanghelle og i Veafjorden på grunn av dei utruleg flotte omgjevnadene. Naturen er både vakker og variert, og gjev oss mange moglegheiter. Det gjev oss fantastiske rammer, med fjell, vatn og natur som set ei spesiell stemning for innspelingane. Det passar perfekt til uttrykket me ønskjer for Kompani Lauritzen, sa Strøm.

Ho trekte fram fabrikklokala på Dale som ekstra spennande.

- Dale Fabrikker er ein spennande og stemningsfull location som gjev oss mange moglegheiter. Den staden er både gøy og nyttig å bruka i fleire samanhengar, fortalde Strøm.

utan å røpa for mykje for dei som ikkje har sett siste episode, så vert det heile avgjort inne i fabrikkbygningane på Dale, medan jubelen for vinnaren skjer på Dalebryggja.

Her kan ein sjå siste episoden av Kompani Lauritzen.

Kompani Lauritzen på Stanghelle, Dale og i Veafjorden

Kompani Lauritzen tilbake på Dale

Kompani Lauritzen på Dale, laurdag vert episoden vist

Kompani Lauritzen spelte inn på Dale

🏷️ Extracted Entities (12)

Dale Fabrikker (person) Kompani Lauritzen (person) Veafjorden (entity) Eline M. Strøm (person) Seefood TV (organization) Stanghelle (entity) TV2 (entity) Dalebryggja (entity) Dalevågen (entity) TV2.no (entity) Vaksdal (place) Voss (entity)