Fann lekkasjen under bygg
Plus
DÄ det kom inn vatn pÄ pauserommet til Bravida pÄ Brualeitet, vart det klart kor vassleidningslekkasjen pÄ Vaksdal var. Kommunen sine folk har sÞkt etter lekkasjen i over tre dÞgn.
Arnkjell Jordalen i Vaksdal kommune er letta over at ein endeleg har lokalisert vassleidningsbrotet som har gjort at folk i Botnavegen, Brualeitet og Krekane har vore utan vatn, eller hatt dÄrleg trykk.
- Ja, dÄ eg klokka 07 i dag tidleg fekk telefon om at det kom vatn inn hjÄ Bravida, sÄ vart eg faktisk glad. SjÞlv om det sjÞlvsagt ikkje er bra nÄr det kjem vatn inn i eit bygg, sÄ visste me dÄ at vassleidningsbrotet var lokalisert. Me hadde fÞr dette kÞyrt pÄ ekstra vasstrykk, og det gav endeleg resultat, seier Jordalen.
Vil ta litt tid
Ein gÄr no i gang med arbeidet for Ä gje dei som manglar vatn i springane normal vasstilfÞrsle. Men Jordalen seier at dette dessverre vil ta litt tid.
- Ja, sidan dette er under eit bygg, sÄ mÄ me i fÞrste omgang grava opp pÄ begge sider av bygget og leggja ein mellombels vassleidning rundt, fÞr vatnet kan koplast pÄ igjen. Dette tek noko tid, og ein treng delar for Ä kopla det heile saman. SÄ eg hÄpar og trur at i lÞpet av det neste dÞgnet skal vatnet vera tilbake, men det kan ogsÄ dukka opp ufÞresette ting som forseinkar det heile, seier Jordalen.
ForstÄr frustrasjon
Han har stor forstÄing for at folk som ikkje har hatt vatn i springen i fleire dagar, har vore utolmodige.
- Ja, sjÞlvsagt forstÄr eg at folk har vore bÄde utolmodige og fortvila. Me har fÄtt svÊr mange telefonar, og folk har etterlyst meir informasjon. Me har prÞvt Ä informera sÄ godt me kan, men det er ogsÄ slik at me rett og slett ikkje har hatt sÄ mykje informasjon Ä dela ut over at me har leita etter brotet og at det har vore mogleg Ä henta vatn og dusja i samfunnssalen, seier Jordalen.
Strie dĂžgn
Han vedgÄr at det har vore ekstraordinÊre dagar sidan sÞndag ved midnatt dÄ det heile starta.
- Mannskapa vÄre har stÄtt pÄ bÄde dag og natt, men innimellom har me mÄtta senda dei heim for Ä sova. Me har ogsÄ henta inn private aktÞrar som kommunen har rammeavtale med for Ä finna ut av dette. No ser me enden pÄ saka, og det er eg veldig glad for, seier Jordalen.
DĂ„ VP snakka med han like etter klokka 11 torsdag, var det telefonsamtale nummer 50 han hadde den dagen.
Gamle rĂžyr som ligg djupt
- Kvifor er det sÄ vanskeleg Ä finna slike vassleidningsbrot?
- Det har mellom anna Ä gjera med at det er gamle vassleidningar som gjerne ligg djupt. Enkelte stader, som rundt E16-krysset, ligg rÞyra 6-7 meter nede i bakken. PÄ Brualeitet ligg det ogsÄ to parallelle vassleidningar, og biltrafikk og stÞy gjer det utfordrande Ä lytta. Det er ogsÄ lange strekk mellom kummene i omrÄdet, noko som gjer det ekstra utfordrande, seier Jordalen.
Lekkasjen vart altsÄ funnen under Bravida-bygget pÄ Brualeitet.
- Me mÄ ogsÄ fÄ sjekka at det ikkje ligg hÞgspentkablar i omrÄdet me skal grava i, og sÄ skal jobben gjerast. SÄ det vil dessverre ta litt tid dette. Men no har me altsÄ lokalisert vassleidningsbrotet, slik at me endeleg ser enden pÄ det heile, seier Arnkjell Jordalen.
Framleis problem med vatnet pÄ Vaksdal
Kommunen har sendt ut kokevarsel
- Har leigd inn fleire eksterne ressursar