Varslar omfattande anleggsarbeid på E16: – Me har forståing for at dette skapar utfordringar
Plus
Frå i haust blir det redusert framkomst på vegstrekninga mellom Bergen og Lærdal.
Statens vegvesen går no ut med ei oppmoding til trafikantar om å planleggja reisa og sjekka oppdatert trafikkinformasjon.
– Me har forståing for at dette skapar utfordringar både for privatbilistar og transportnæringa. Nettopp difor går me ut med informasjon allereie no slik at trafikantane kan førebu seg på ein ny reisekvardag til hausten, seier Stig Magnus Berg-Thomassen, prosjektsjef i Statens vegvesen i ei pressemelding.
Stengd i to år
Lærdalstunnelen skal oppgraderast for å møta nye krav. Arbeidet startar etter planen i september 2026, og tunnelen vil dei neste to åra vera stengd for trafikk mellom klokka 18:00 og 06:00.
– Den eksakte datoen veit me først nærare sommaren når me har signert kontrakt med entreprenør. Men me lovar å informera trafikantane så snart datoen er klar, seier Berg-Thomassen.
Kjem du for seint blir omvegen lang.
– Med 12-timars stengjeperiode i Lærdalstunnelen frå 18.00 – 06.00, vil det vera viktig for trafikantane som skal gjennom tunnelen å vera ute i god tid. Skal du rekka å køyra gjennom Lærdalstunnelen før kvelds- og nattestenginga er det viktig at du hugsar på at anleggsarbeid på både aust- og vestlandet vil medføra at ein brukar lenger tid enn vanleg fram til Lærdalstunnelen.
Dette skjer på E16 Bergen - Lærdal
I tillegg til å planleggja reisa ved å sjekka trafikkinformasjon rår Statens vegvesen alle til å køyra på dagtid om ein kan.
– Kjem du fram til Lærdalstunnelen etter kl. 18:00, må du rekna med fleire timars omveg. Nokre av dei alternative rutene har varierande standard og avgrensa kapasitet, særleg på vinterstid, åtvarar prosjektsjefen.
Fleire utfordringar mellom aust og vest
Trafikantane bør også vera obs på andre anleggsarbeid på tilknytte vegstrekningar mellom austlandet og vestlandet.
Vegarbeid mellom aust og vest