Herold

Regjeringa løyver 42 millionar, men: – Dette betyr ikkje at dei økonomiske problema til Helse Førde er løyste

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Renate Sæle Published: 2025-12-05 14:58:00
Regjeringa løyver 42 millionar, men: – Dette betyr ikkje at dei økonomiske problema til Helse Førde er løyste

Helse Førde-sjef Arve Varden meiner meir pengar i statsbudsjettet likevel ikkje løyser dei økonomiske problema til helseføretaket.

Reduserer med 42 millionar

Reduserer pensjonsgjelda

Regjeringa si siste endring av statsbudsjettet for 2025 gjer at Helse Førde går ut av 2025 med mindre gjeld og mindre underskot enn venta. Alle endringane er knytte til pensjon, melder Helse Førde sjølv i ei pressemelding fredag.

– Dette betyr ikkje at dei økonomiske problema til Helse Førde er løyste, men det er positivt at departementet har lytta til Helse Vest og erkjent at me har vore underfinansierte på pensjonsutgiftene våre, seier administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden i pressemeldinga.

Helse Førde viser til at i «nysalderinga» som regjeringa legg fram på slutten av året, blir inntekter og utgifter justerte for å få budsjettet til å gå i balanse. Helse Førde starta året med løyve frå eigar Helse Vest til å gå 50 millionar kroner i minus.

I mars var Helse Førde på veg mot eit underskot på 180 millionar. Hovudårsakene er kraftig vekst i utgiftene på fire felt: medikament, IKT, renter på nybygg og løn/personal. Driftstiltak har i løpet av året redusert det venta underskotet til omlag 130 millionar kroner, det vil seia om lag 80 millionar bak budsjett.

I salderingsbudsjettet løyver regjeringa 42 millionar kroner for å redusera underskotet ytterlegare.

– Dette er ei eingongløyving som betyr at underskotet vårt vert mindre i 2025. Regjeringa lettar ryggsekken vår, slik at me dreg med oss mindre gjeld inn i 2026 enn me elles ville gjort, seier Varden.

Det går fram av pressemeldinga at regjeringa løyver eit eingongsbeløp på 2,2 milliardar kroner til Helse Vest for å dekkja pensjonskostnadene til det regionale føretaket i 2025. Helse Førde sin del av dette blir 298 millionar kroner, som i sin heilskap er øyremerkt den kortsiktige gjelda helseføretaka har pådrege seg for å dekke pensjonskostnadene til dei tilsette.

– Nedbetalinga reduserer dei årlege rentekostandene våre i 2026 med omlag 12 millionar kroner, fordi me kvittar oss med renteberande gjeld, seier Varden.

Dette betrar Helse Førde sin økonomi noko, utan å få drifta i balanse, meiner han.

– Prognosen på driftsunderskotet vårt i år blir dermed redusert til rundt 90 millionar, altså 40 millionar kroner bak budsjett. Desse eingongsløyvingane betrar dei økonomiske problema våre, men løyser dei ikkje. Så dei økonomiske prosessane våre må halde fram, seier Varden.