Herold

Kjære frivillige: Takk!

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Inger Lise Blyverket, Generalsekretær i DNT Published: 2025-12-05 15:36:57
Kjære frivillige: Takk!
  1. desember er «Frivilligheitens dag». Vi feirar dykk som byggjer fellesskap, tryggleik og levande lokalsamfunn. I 2022 og 2023 skapte frivillige i Noreg verdiar tilsvarande 200 milliardar kroner, anten det var som fotballtrenar, kordirigent, turleiar, leksehjelp eller besøksven. Heile 61 % av oss har bidratt som frivillige i løpet av det siste året. I DNT åleine vart det lagt ned nesten éin million dugnadstimar i fjor! Og no, i «Friluftslivets år», har DNT sine medlemsforeiningar hittil arrangert over 19 000 aktivitetar. Takk vere frivillig innsats.

Frivilligheita bidrar samstundes med noko som ikkje kan målast i kroner og øre. Det er at menneske som elles ikkje ville ha kjent kvarandre, kjem saman om noko som er større enn dei sjølve. Slik reduserer frivilligheita avstandane mellom oss og skaper tillit, inkludering og tilhøyrsel.

Frivilligheita er folkehelse i praksis. Ho er viktig for både den fysiske og psykiske helsa vår, som møteplass og arena for aktivitet, meining og meistring. Slik spelar òg frivilligheita ei viktig rolle som supplement til det offentlege. Det er særleg viktig når vi veit at mange av oss opplever utanforskap og einsemd, sit for mykje i ro, og brukar meir tid bak kvar vår skjerm.

Frivillige skaper noko for andre samstundes som den enkelte som bidrar får mykje att sjølv. I frivilligheita er det plass til oss, uansett kor vi er i livet. Om vi nett har flytta til ein ny stad, kan frivilligheita tilby eit viktig fellesskap. I turbulente fasar av livet, kan frivilligheita vere eit frirom, der vi får høve til å tenkje på noko anna. Og for dei som av ulike grunnar har falle ut av arbeidslivet, kan frivilligheita vere ein stad der vi kan utfordre oss innanfor trygge rammer og kjenne på meistring.

*Når vi feirar frivilligheita, vil eg be landets lokale og nasjonale politikarar tenkje over dette: *Det offentlege har ei viktig rolle i å leggje til rette for frivilligheita. Vi veit at mange frivillige organisasjonar opplever uføreseielegheit knytt til tilskotsordningar som er svært viktige for aktiviteten deira, og at mange støtteordningar har komplekse rapporteringskrav.

*Til alle dykk frivillige der ute: Tusen takk for innsatsen dykkar! *Han betyr noko for menneska de møter på dykkar veg, og for samfunnet vårt i heilskap. Og viss du som les dette ikkje er aktiv frivillig, men nysgjerrig: Hopp ned frå gjerdet! Anten det er ved å melde deg for DNT der du bur, eller i ein annan organisasjon som bidrar til fellesskapet.

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE Sogn Avis PLUS
Kjære frivillige: Takk!
Inger Lise Blyverket, Generalsekretær i DNT · 2025-12-05 15:36:57
Kjære frivillige: Takk!
Inger Lise Blyverket · 2025-12-07 19:13:16