Herold

Ein ukultur pÄ fellesskapet si rekning

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Eli Grotle Published: 2025-12-05 19:25:03
Ein ukultur pÄ fellesskapet si rekning

Tausheit har kosta Sogndal dyrt. No er det pÄ tide Ä skru pÄ flaumlysa, skriv redaktÞr Eli Grotle.

Det er noko rote i Sogndal kommune. NĂ„r ni hemmelege sluttavtalar, kreative «studiestipend» og historier om fryktkultur velter ut av skĂ„pa, er det ikkje lenger snakk om uheldige enkeltsaker. Det er snakk om ein systemsvikt som krev full oppvask – og den kan ikkje takast internt.

For innbyggjarane i Sogndal mÄ avslÞringane i haust fortona seg som eit absurd teater. Me har alleie omtalt grundig millionane i etterlÞn til kommunedirektÞren, men dei siste vekene er det detaljane i to andre avtalar som verkeleg provoserer.

At tilsette som sluttar i kommunen fÄr med seg 195.000 kroner i «studiestÞtte» og eit halvt Ärs lÞna permisjon, strir mot all sunn fornuft. IfÞlgje konstituert kommunedirektÞr ein praksis som ikkje er ulovleg etter lover og reglar, men det betyr ikkje at det er greitt med tanke pÄ at dette er fellesskapet sine pengar.

Heile poenget med studiepermisjon er at kompetansen skal koma arbeidsgjevar til gode nÄr vedkomande er attende pÄ arbeidsplassen. Ofte gjennom bindingstid.

Her betalar me altsÄ folk for Ä dra. Det ser ikkje ut som kompetanseheving; det ser ut som prisen leiinga var villig til Ä betala for Ä kjÞpa seg ro og unngÄ stÞy.

*Men stÞyen lét seg ikkje kjÞpa bort. *

Tvert imot har forsĂžket pĂ„ Ă„ leggja lokk pĂ„ problema skapt eit enda stĂžrre rabalder. Bruken av konfidensialitetsklausular – sĂ„kalla «hysjavtaler» – hĂžyrer ikkje heime i offentleg forvaltning. NĂ„r tidlegare barnevernsleiar Trude RĂžd fortel at ho ikkje torde Ă„ seia sanninga om avgangen sin fordi ho hadde skrive under pĂ„ ein slik avtale, ser me korleis systemet har verna seg sjĂžlv pĂ„ kostnad av openheita.

Enda meir urovekkjande er det som no kjem fram om metodane som har vorte brukte. Skildringane frÄ RÞd og tidlegare tilsett Maj Britt Brendstuen teiknar eit bilete av ein fryktkultur prega av «giftig positivitet». Ei leiing som samlar ein lojal «klan» rundt seg, og der kritiske rÞyster vert mÞtte med utfrysing, hersketeknikkar og, i RÞds tilfelle, sjokkerande og grunnlause skuldingar om rusproblem.

At han som vart fungerande kommunedirektÞr, Kenth-Rune Teigen MÄren, sat i mÞtet der desse skuldingane vart framsette, gjer ikkje situasjonen noko betre. Det er den same MÄren som har signert sluttavtalane han til no ikkje har kommentert innhaldet i.

*SĂ„ kvar var politikarane i dette spelet? *

OrdfÞrar Stig Ove Ølmheim seier at desse avtalane var «heilt ukjende» for han heilt fram til det vart kjent at media hadde sÞkt innsyn. Fleire andre gruppeleiarar har uttrykt det me kan definera som sjokk og vantru nÄr dei vart gjort kjent med innhaldet i dei to sluttavtalane.

Strengt tatt er dette noko som ikkje er dei folkevalde sitt bord, men med bakteppet for desse sluttavtalane finn me det merkeleg at det ikkje var gitt noko form for orientering i administrasjonsutvalet.

Delegert mynde er ikkje ei sovepute. NÄr administrasjonen opererer med eit «skuggebudsjett» for Ä lÞysa personalkonfliktar, og politikarane i administrasjonsutvalet ikkje aner kva som gÄr fÞre seg, har kontrollfunksjonen havarert. Tillit er vel og bra, men blind tillit er uansvarleg nÄr ein forvaltar fellesskapet sine midlar.

*Difor trur me at vegen vidare ikkje kan gÄ internt. *

MÄren har hevda at interne undersÞkingar er nok, og at dei «har bygd kompetanse over tid» pÄ dette. Med all respekt: Det er ikkje truverdig. Ein organisasjon som er sjuk, kan ikkje friskmelda seg sjÞlv, spesielt ikkje nÄr «legen» er ein del av leiinga som vert kritisert.

Sogndal kommune treng ei ekstern, uavhengig gransking av arbeidsmiljĂžet og praksisen rundt sluttavtalar.

Me treng Ä fÄ vita korleis ein kultur der tilsette er «levande redde» for Ä varsla, fekk slÄ rot. Me mÄ fÄ slutt pÄ at skattepengar vert brukte som «hysjpengar». Og me mÄ ha politikarar som torer Ä stilla spÞrsmÄl fÞr skandalen er eit faktum i avisa, og som klarar Ä halda ein konstruktiv debatt i det offentlege ordskiftet.

Tausheit har kosta Sogndal dyrt. No er det pÄ tide Ä skru pÄ flaumlysa.