Herold

Sunnhordlandsruta: Innstiller avgangar og set inn reservefartøy

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Cassandra Grundtvig Jespersen Published: 2026-05-07 11:57:38
Sunnhordlandsruta: Innstiller avgangar og set inn reservefartøy

14.15-avgangen frå Leirvik båtkai og 14.45-avgangen frå Sunde båtkai er innstilte. Frå klokka 15.15 er det normal drift på Sunnhordlandsruta, men med reservefartøy.

Torsdag 7. mai melder Skyss om driftsavvik på Sunnhordlandsruta.

«Rute C i Sunnhordlandsruta er innstilt fram til kl. 15.15. Då er det igjen normal drift frå Leirvik. Reisande frå stjernestopp (*) blir bedne om å kontakta Trondheimsfjord 1 på 40448212. Vi beklagar ulempene dette medfører», står det i meldinga.

Ifølge Norled vil det bli sett inn reservefartøy i rute C, noko som medfører redusert kapasitet. Pressekontakt i Skyss, Øyvind Strømmen, opplyser til Kvinnheringen at det er fartøyet «Helgøy Bris» som mellombels går inn i sambandet.

– Fartøyet har kapasitet til 47 passasjerar. Det er den reduserte kapasiteten, forklarar Strømmen.

Årsaka til dei innstilte avgangane og at det blir sett inn reservefartøy er ifølge Strømmen at MS «Trondheimsfjord 1» – som går i rute C til vanleg – mellombels går inn i rute A grunna tekniske problem med MS «Admiralen» som går i rute A til vanleg.

Norled melder at også A-ruta vil oppleva redusert kapasitet inntil vidare.

– Vi reknar med normal drift fredag ettermiddag, opplyser Strømmen.

🏷️ Extracted Entities (10)

Øyvind Strømmen (person) MS (entity) Skyss (entity) Sunnhordlandsruta (entity) Admiralen (entity) Helgøy Bris (entity) Leirvik (place) Norled (entity) Sunde (entity) Trondheimsfjord 1 (entity)