Måndag blir det intimkonsert her: – Deilige, skakke grooves
Plus
Fri Kultur Kvinnherad inviterer til intimkonsert i Nerhuskjellaren førstkomande måndag 11. mai, med nokre av Noregs – og verdas – leiande jazzmusikarar.
Det kjem fram i ei pressemelding.
På konserten får publikum oppleva Maca Conu, som er Jonas Cambien sitt relativt nye musikkprosjekt:
«Den belgiskfødde, Oslo-baserte pianisten (og tidvis nomadiske) Jonas Cambien har sett seg sjølv på kartet som ein av dei mest spennande stemmene i norsk improvisert musikk og utforskande jazz. For tida saumfer han jazz- og impro-verda med sitt relativt nye prosjekt Maca Conu»,står det i pressemeldinga.
Med seg har han Andreas Wildhagen på trommer, Ingebrigt Håker Flaten på kontrabass, Guro Kvåle på trombone og Signe Emmeluth på saksofon.
«Summen er eit glimrande og uredd ensemble som speler fletta av dei fleste med fengande melodiar, deilige, skakke grooves, og ein god dose rå frijazz-energi».
Før konserten blir det ein innleiande samtale med bandleiaren, skriv Fri Kultur Kvinnherad, som ønskjer velkomen til Nerhuskjellaren.
Opnar ny intimscene – får besøk av denne komikaren