Slik blir årets siderfestival
Plus
– Me kan utvida området betydeleg!
Oppsummering 'Kort oppsummert'
Med 16 arrangement over tre dagar på fleire ulike plassar i Hardanger er det venta mykje folk både på gardane, i restaurantar og i Odda sentrum.
Interessa for årets festival, den sjette i rekka, er allereie stor. Særleg den store publikumsdagen laurdag har vist seg å vera populær der 80 prosent av billettane er selde. Frå før er fleire arrangement utselde.
– Me har mogelegheita til å utvida publikumsområdet betydeleg om pågangen blir større inn mot helga. Me jobbar for at det skal bli hyggeleg og kjekt for alle. Det er det aller viktigaste, seier dagleg leiar for Hardanger internasjonale siderfest, Anna Gursli Langesæter, til Hardanger Folkeblad.
Anna Gursli Langesæter
Skal diskutera politikk
Dei siste åra har det vore strålande sol under festivalen. I år ser det ikkje like lyst ut, og ifølge meteorologane er det venta regn.
– Me kryp til korset og innser at det ikkje blir 25 grader og sol på laurdag. Gode løysingar for messa er ordna og vi håpar det blir bra trøkk inne i Lindehuset hos produsentane, seier Langesæter.
Det vert mellom anna eit stort telt med scene bak Sentralbadet og fleire mindre telt. I tillegg skal Lindehuset og Sentralbadet nyttast.
vêr
Årets siderfest startar derimot torsdag med siderarrangement og middagstilbod fleire stader i regionen.
Blant dei nye innslaga i år er arrangement i Langhuset og på Brannstasjonen kafé i Tyssedal. Også Hardanger House i Jondal er med på programmet i år.
Fredagen startar på Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på Lofthus med fagleg påfyll retta mot produsentar og næring, før det går over i eit politisk seminar.
Her kjem det politikarar frå både Stortinget og fylket, mellom andre Truls Vasvik (Ap), Frøya Skjold Sjursæther (MDG) og Terje Kollbotn (Raudt), saman med fylkesordførar Jon Askeland (Sp) og lokale representantar.
– Den politiske delen av arrangementet er viktig. Rammevilkåra har stor betydning for produsentane og for at dei skal kunna utvikla seg vidare, seier Langesæter.
Sidernæringa i Hardanger hadde ei samla omsetning på 135 millionar kroner i fjor
Nye får visa seg fram
Eit av høgdepunkta i år er markeringa av at det er ti år sidan ordninga med gardssal av sider vart innført.
– På berre ti år har dette utvikla seg frå kamp til suksess, og i dag er det ein marknad verdt fleire hundre millionar kroner, seier ho.
Under festivalen blir det samtalar med sentrale aktørar som var med og kjempa fram ordninga.
Laurdagen er den store publikumsdagen, med rundt 20 produsentar samla. Fleire nye aktørar deltek, mellom andre Egge gard, Haust sideri, Velure gard og Voss gardspresseri.
– For mange, spesielt nye produsentar, er dette ein viktig arena for å møta publikum og visa seg fram, seier Langesæter.
Festivalen legg stor vekt på samspel mellom sider og mat og har derfor omfattande samarbeid med lokale restaurantar.
– Sider er ein kvalitetsdrikk, og då må maten halda same nivå. Mat og drikke høyrer saman, seier ho.
Vil skapa aktivitet
Gjennom helga blir det arrangement fleire stader: siderfest i Vikebygd, samling i hotellhagen på Lofthus, sidertog i Odda og middag på Sekse.
I tillegg kan publikum bli med på sidervandringar og besøka opne gardar.
– Målet er å visa fram heile regionen og skapa aktivitet i fleire bygder, seier Langesæter.
Siderfesten får også fleire internasjonale besøk i år.
– Me ønskjer å visa at Hardanger er ein viktig siderdestinasjon, også internasjonalt. Eksport og utvikling av marknaden er tema som stadig blir meir aktuelle, seier ho.