Herold

Voss Friskule: Eit supplement – ikkje ein trussel

Plus
Kilde: Hordaland Author: Øystein Måkestad og Øystein Hilleren, styremedlemmer i Voss Friskule, Voss Published: 2026-05-07 06:41:09
Voss Friskule: Eit supplement – ikkje ein trussel

Mange familiar på Voss etterspør eit alternativ i skulen. No har Voss Friskule AS igjen søkt om godkjenning for å starta ein kristen friskule. Spørsmålet er ikkje om dette er ein trussel, men kva det kan tilføre lokalsamfunnet. På torsdag skal heradsstyret uttale seg i saka. Vi håpar debatten også løfter fram dei positive sidene ved eit slikt tilbod.

I saksframlegget frå rådmannen kjem det fram fleire vurderingar av kva ein friskule kan føre til. Samstundes er det viktig å sjå saka i eit breiare lys, der ein tek med både moglege utfordringar og positive effektar. Ei balansert framstilling gjev eit betre grunnlag for gode avgjerder.

Rådmannen peikar på moglege konsekvensar for elevtal og økonomi i den offentlege skulen. Desse vurderingane byggjer på føresetnader som kan slå ulikt ut i praksis. Det er til dømes lite truleg at elevane vil vera jamt fordelte frå heile heradet, eller at ein friskule vil føre til nedlegging av ungdomsskulen i Granvin. Erfaring viser at det fyrst og fremst er elevar med kort reiseveg som vil velje ein skule i sentrum. Samstundes har politikarane nyleg gjort vedtak som styrkjer Granvin, mellom anna ved å gje elevar frå Bjørgum valfridom i skulevalet.

Erfaringar frå andre kommunar syner at friskular kan fungera godt saman med den offentlege skulen. Når det finst fleire tilbod, kan det bidra til auka kvalitet, større merksemd på elevane og eit betre skulemiljø.

Foreldre har rett til å velje opplæring for barna sine. Ein friskule handlar om å gje fleire valmoglegheiter. Det er heilt frivillig å velje Voss Friskule. Rammetilskotet per elev følgjer eleven og skal dekkje den utdanninga familien vel.

Når det gjeld økonomi, blir rammetilskotet til heradet justert med 85 prosent i tråd med elevtalet, medan heradet beheld 15 prosent. Dette skjer dessutan med om lag 1,5 års etterslep. Det er lite truleg at 90 elevar vil starte første skuleår; oppstarten vil skje gradvis. Dette gir heradet tid til å tilpasse drifta, og eventuelle endringar kan fordelast mellom skulane.

Rekruttering av lærarar er ei utfordring mange stader. Voss herad har sjølv sett i verk tiltak, mellom anna startbonus for å tiltrekkje seg fleire om den flytter til Voss herad. I ein slik situasjon kan eit nytt skuletilbod vere ein del av løysinga. Ein friskule kan gjere Voss meir attraktiv for lærarar, trekkje til seg nye krefter og styrkje det samla fagmiljøet.

For nokre elevar kan eit alternativ vere avgjerande for trivsel, motivasjon og meistring. Difor er elevperspektivet viktig. Når det gjeld PPT og tilpassa opplæring, er elevane dei same uavhengig av kva skule dei går på. Ein friskule vil ikkje i seg sjølv føre til fleire elevar med særskilde behov, men om andelen er høgare, kan det tyde på at dei blir betre sette og møtte.

Voss Friskule er ikkje ein trussel mot den offentlege skulen, men eit supplement som kan styrkje heile skuletilbodet. No ligg saka hos heradsstyret. Vi håpar avgjerda blir teken på eit breitt og faktabasert grunnlag – der ein også ser moglegheitene.

Friskule på Voss er framleis mogleg – og framleis viktig

Legg friskulespørsmålet dødt: – Utanfor vårt ansvarsområde

Vil etablera friskule på Voss, men møter motbør hjå heradet: – Uryddig

🏷️ Extracted Entities (5)

Voss Friskule AS (organization) Granvin (entity) Bjørgum (entity) Friskule (entity) PPT (entity)