Herold

– Kor vart pårørande av?

Plus
Kilde: GBnett Author: Unn Birkeland, Gruppeleiar Gjesdal Senterparti, Ålgård Published: 2026-05-07 07:34:36
– Kor vart pårørande av?

For pårørande er ikkje nemnt i årsrapporten. Sjølv om kommunen har ein eigen pårørandestrategi, så er denne ikkje nemnt blant strategiar under kapitelet om helse og omsorg, skriv Unn Birkeland i dette lesarbrevet.

Me som politikarar og alle andre interesserte er igjen invitert til å lesa og behandla Gjesdal kommune sin årsrapport. Dette er alltid eit viktig dokument, det fortel om forrige års satsingar, kva som er gjort, og korleis det har gått – i store trekk.

Rapporten for 2025 viser at det er gjort bevisste prioriteringar, og at det er styrt med fast hand for å nå måla. Eit overskot som er større enn venta er alltid kjekt å ha. Det gir oss evne til å setta inn ekstra innsats om det trengs, eller betala ned på lån/setta meir i fond om det er best. Men det kan ligga offer bak dei prioriteringane som me ikkje alltid ser konsekvensane av med ein gong.

Årsrapporten skal òg spegla dei utviklingstrekka som kommunane møter, og det gjeld også Gjesdal. Sjølv om Gjesdal ikkje er like sterkt påverka av store demografiske utfordringar, så er det like fullt viktig å ha vist både evne og mot til å gjera gode førebuingar til at den tida kjem til oss òg.

Og så er det viktig å gje skryt når ting går godt, særleg skryt til alle som kvar dag går på arbeid for å gjera det beste for oss som bur i Gjesdal. Men me skal òg våga å peika på områder me kunne ønska var framheva i rapporten. Og eg har eit:

Pårørande.

For pårørande er ikkje nemnt i årsrapporten. Sjølv om kommunen har ein eigen pårørandestrategi, så er denne ikkje nemnt blant strategiar under kapitelet om helse og omsorg. Det er heller ikkje nemnt at kommunen har starta arbeidet med å innføra Pårørendeavtalen. For blant få kommunar i landet, kan faktisk Gjesdal flagga det. Helseministeren er i desse dagar svært opptatt av kor mange kommunar det er som har starta arbeidet med å ta i bruk Pårørendeavtalen.

Det å involvere dei pårørande i helsetenestane er ikkje valgfritt, det er ein føresetnad når det blir endå fleire eldre som skal bu heime, og personellet blir vanskelegare å få tak i. Og samhandlingskunnskap kjem til å bli eit fagområde helsepersonell vil sjå etter når dei skal velja arbeidsplass. For går det godt med samhandlinga, så er det ein kjekk plass å arbeida. Med ein god strategi, vil Gjesdal ha eit godt fortrinn som kommune.

Så kommunedirektør: neste år – då vil me lesa om dette òg i årsrapporten!

Fakta:

Pårørendeavtale– et verktøy for godt samarbeid

Nasjonale pårørendeundersøkelser viser at pårørende har behov for og etterspør bedre samarbeid og tydeligere dialog med helse- og omsorgstjenesten. Helsedirektoratet lanserte i 2024 verktøyet pårørendeavtale på oppdrag fra Helse- og omsorgsdepartementet.

Kilde: Helsedirektoratet.no

🏷️ Extracted Entities (4)

Gjesdal (place) Helse (entity) Pårørendeavtale (entity) Unn Birkeland (person)