– Ikkje inhabil, seier kommunedirektøren
Plus
Kan ein kommunalsjef for oppvekst og undervisning sitje i styret til ein privat barnehage, spurde Kinn kommune sitt kontrollutval. No har dei fått svar.
- april hadde Kinn sitt kontrollutval møte. Ei av sakene på lista gjaldt habilitet, og kontrollutvalet bad kommunedirektøren svare på korvidt kommunalsjef for oppvekst og undervisning, Runa Hatlenes Nybakk har habiliteten i orden.
Nybakk sit idag som styremedlem i ein av Florø sine private barnehagar, nemleg Furuhaugane barnehage SA.
I utgreiinga si peika kommunedirektøren på at det i barnehagelova er eit organisatorisk skilje mellom utøving og mynde av fag. Nybakk har ikkje leiaransvar for barnehagemynde, då denne er lagt til ei anna avdeling, nemleg strategi og samordning. Dette er eit grep kommunen har gjort, nettopp for å unngå habilitetsutfordringar, opplyste kommunedirektøren, som altså meiner Nybakk har habiliteten sin i orden.
🏷️ Extracted Entities (5)
Kinn
(entity)
Runa Hatlenes Nybakk
(person)
Florø
(entity)
Furuhaugane
(entity)
SA
(entity)