Herold

Eternitt ramlar ned frå taket – område sperra av

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Linda Regina Bruvik Published: 2026-05-06 22:08:52
Eternitt ramlar ned frå taket – område sperra av

Då uteseksjonen skulle feie på torget i Florø, oppdaga dei at bitar av eternitt hadde ramla ned frå taket på Hellesenbua. Delar av plassen er no sperra av.

Teknisk avdeling ved uteseksjonen har i samband med gatefeiing oppdaga at bitar av eternitt har ramla frå taket på Hellesenbua og ned på Torget.

Eternittplater er haldbare byggeplater av sement og asbest (som vart forbode frå 1980), og var brukt på tak og veggar fram til 1970-talet. Dei er ufarlege så lenge dei får vere i fred, men knusing, saging eller boring frigjer kreftframkallande asbestfiber. Skal ein fjerne asbest på ein bruke profesjonelle saneringsfirma, då materialet må handterast som spesialavfall.

Sperra av

Arealet ved Hellesenbua er i dag nytta som parkeringsplass, men skal framover nyttast til ulike arrangement gjennom sommaren. Mellom anna skal det arrangerast fotballfest på torget under heile fotball-VM, og Våt Moro-festivalen i juli nyttar også dette området.

– Teknisk har no sperra av delar av plassen, men her må huseigar sikre området for nytt nedfall, skriv Sigmund Solheim, avdelingsleiar for veg i Kinn kommune, i eit varsel til byggesaksavdelinga.

Kommunen har sett opp sperreband mellom torget og parkeringsplassane nærast bua, og tilsynssamarbeidet i Gloppen er varsla. Kinn kommune har bede tilsynssamarbeidet prioritere snarleg tilsyn på staden.

– Når det bygningar som kan vere til fare for liv og helse, slik som her, så er det tilsynssamarbeidet i Gloppen som har ansvar for å handtere saka. Dei er varsla, og eg forventar at dei følger opp, seier kommunalsjef Rolf Bjarne Sund til Firdaposten.

– Utolmodige huseigarar

Sund fortel at kommunen har god dialog med eigarane av Hellesenbua.

– Eg opplever huseigarane som veldig positive. Dei ønsker ikkje at bua skal stå slik som i dag. Dei er utolmodige og ønsker å få til noko med eigedommen sin, seier kommunalsjefen.

bio rolf bjarne sund

På 19. året

Eigar og utbyggar har i fleire omgangar lansert planar om å sette opp eit nærings- og leilegheitsbygg på tomta. Då Firdaposten skreiv om saka i januar sa Lars Osland frå Consto at det var positiv dialog med kommunen, og at alle partar ønska å finne ei løysing.

– Det handlar om at utbyggar må stå for ein ny reguleringsplan, og å finne løysingar som ikkje medfører for store kostnader. Prosjektet har ei lang historie, og vi er inne i det 19. året. Det er brukt mykje pengar, sa Osland då: Kinn kommune og utbyggjar søkjer felles løysing for Hellesenbua

– Det er for seint å snyte seg når nasen er vekke

Riving eller bevaring? Fylkeskommunen har kome med si meining

Vil rive Hellesenbua – har planane klare for nytt bygg

🏷️ Extracted Entities (11)

Hellesenbua (entity) Gloppen (entity) Lars Osland (person) Consto (entity) Florø (entity) Kinn (entity) Moro (entity) Rolf Bjarne Sund (person) Sigmund Solheim (person) Torget (entity) Våt (entity)