Herold

Forbipasserande merka røyk frå bunker. Lærar måtte sløkke branntilløp på skule

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-05-07 10:21:30
Forbipasserande merka røyk frå bunker. Lærar måtte sløkke branntilløp på skule

Politiet skal no undersøke om det er ei samanheng mellom dei to hendingane i Florø torsdag ettermiddag.

Politi og brannvesen er på staden etter melding om røykutvikling frå ein gammal bunker i terrenget ved Storåsvegen.

Brannen er no sløkt av brannvesenet, melder politiets operasjonssentral klokka 12.15.

Politiet melder vidare at det for dei verkar som at noko har vore påtent.

Papp eller papir

Dette stadfestar vaktleiar Stian Kvam ved 110 Vest.

– Vi fekk telefon frå forbipasserande, om at det var tent på noko papp og papir i nærleiken av inngangspartiet, seier vaktleiaren.

Dei sende då ut mannskap, som slo fast at dette stemde. Nøyaktig mengde papp og papir som brann, er det ikkje opplyst om, men Kvam fortel at det framleis brann då brannmannskapet kom til staden. Dei starta då sløkkearbeid, og sløkte flammane.

Sjølv om det vart peika på at brannen var påtent, så var ein heldige med at staden var nettopp ein bunkersinngang. Det fortel også vaktleiaren.

– Det var ikkje noko spreiingsfare. Det var berre flammar inne i tunnelinngangen, seier Kvam.

Samstundes: Lokalt brannvesen på staden var glade for at brannen vart varsla om tidleg, og frykta større konsekvensar om det hadde fått brenne:

Brann i bunker i Storåsen. – Dette kunne fort ha blitt ein storbrann

Det er no avslutta på staden. Og det vert ikkje gjort anna enn å la restane av røykutviklinga få lufte seg vekk av seg sjølv.

Også branntilløp på nærliggande skule

Politiets operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tore-Andre Brakstad, fortel at det ikkje er tvil om at brannen er påsett.

– Det er ikkje noko teknisk eller elektrisk på staden som kan ha starta dette. Det stod fram for patruljen som openbert at nokon har tent på, seier han.

Brakstad fortel vidare at politiet også var varsla om eit branntilløp ved Florø Ungdomsskule tidlegare på dagen. Dette branntilløpet vart oppdaga og sløkt av ein lærar, fortel Brakstad.

– Om desse hendingane har ein samanheng, har vi ikkje haldepunkt for å seie, men dei fell saman i både tidsrom og at det er kort veg mellom dei to stadane, seier han.

Patruljen som har vore på staden vil no opprette sak, og det vil bli etterforska vidare. Både bunkersbrannen, og hendinga ved skulen.

– Sjølv om det skulle vise seg å ikkje ha ein samanheng, så er det naturleg å undersøke om det har det, seier Brakstad.

🏷️ Extracted Entities (6)

Stian Kvam (person) Tore-Andre Brakstad (organization) Florø Ungdomsskule (person) Vest (entity) Storåsen (entity) Storåsvegen (entity)