Herold

Brann i bunker i Storåsen. – Dette kunne fort ha blitt ein storbrann

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Egil Kristian Aardal Published: 2026-05-07 10:20:34
Brann i bunker i Storåsen. – Dette kunne fort ha blitt ein storbrann

Politi og brannvesen er på staden etter at dei fekk melding om røykutvikling frå ein gamal bunker i terrenget ved Storåsvegen i Florø.

Det melder politiet klokka 12.15 torsdag.

– Brannen er no sløkt av brannvesenet, seier operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad.

Han legg til at det kan verke som om det er noko som har vore påtent.

– Det er ikkje noko teknisk eller elektisk på staden som kan ha starta dette. Det framstod for patruljen som openbart at nokon har tent på, seier han til Firda.

Papp i flammer

– Vi fekk melding om røyktvikling her oppe på Storåsen. Vi rykte ut og fann papp som var påtent inne i ein bunker, fortel Robert Endestad til Firdapostens journalist på staden.

Han fortel at dei sløkte brannen, og at politiet no er på saka.

– Var det mykje røyk?

– Det var mykje røyk, ja. Det var turgåarar som meldte i frå, dei gjorde ein kjempejobb med å varsle.

Tørt i terrenget

Endestad fortel at dette fort kunne utvikla seg til noko meir, om ikkje dei hadde fått beskjed tidleg.

– Det er framleis tørt i terrenget, sjølv om det har vore kaldt nokre dagar. Dette kunne fort ha blitt ein storbrann i Storåsen.

Det er i bunkeren som ligg like ved vasstanken i Storåsen brannen oppstod. Brannvesenet har no kontroll på situasjonen.

Politiet: – Det er veldig alvorleg

Sløkte brann på ungdomsskulen like før det brann i Storåsen

🏷️ Extracted Entities (7)

Storåsen (entity) Firda (entity) Firdapostens (entity) Florø (entity) Robert Endestad (person) Storåsvegen (entity) Tore-Andre Brakstad (organization)