Vi seier det vi meiner
Plus
Onsdag 6. mai skriv redaktÞr Kai Aage Pedersen om flytilbodet og den gamle dragkampen mellom aust og vest. Her er det mykje eg kan skrive under pÄ, men pÄ eit punkt bommar redaktÞren.
Dersom redaktÞren trur underteikna og det lokale Arbeidarpartiet har vore for tamme eller politisk korrekte til Ä seie kva vi meiner, sÄ er det berre Ä skru pÄ radioen, lese Firda og fÞlge debatten.
PĂ„ tide at Arbeidarpartiet legg vekk arrogansen!
Om nokon kom i fyr og flamme etter anbodet pÄ FOT-rutene, sÄ var det vÄre lokallag i Arbeidarpartiet og underteikna som folkevald for regionen vÄr. Vi meiner dette er feil. Det er vi tydelege pÄ, og vi er langt frÄ ferdig.
For oss handlar ikkje dette om partifargar. Men om eit grunnleggjande prinsipp om at landsdelen vÄr skal ha den nÞdvendige infrastrukturen til bÄde familiar og nÊringsliv.
Det er nok av dei som berre spretter opp i gladsaker og skuggar bana nÄr ting blir vanskeleg eller ein er ueinig med sitt eige parti.
Eg trur det er meir tillitvekkande Ä vere ufiltrert og Êrleg om begge deler. NÄr vi har makt, mÄ vi og ta ansvar.
Sidan 2021 har det blitt rimelegare Ä fÄ barn, studere og reise i Sogn og Fjordane. Det har ikkje skjedd som ein solosiger, men lagarbeid.
Som redaktÞren var inne pÄ vart det ordentleg krise for oss nÄr vi fekk framlegget til Ärets statsbudsjett. Gratisferjer og sletting av studiegjeld lÄg for hogg. Den kampen tok vi internt i Arbeiderpartiet. Eg, og mange av dei lokale folka vÄre, var krystallklare pÄ at det var vi sjÞlv som mÄtte rydde opp.
NÄr rÞyken la seg etter to veker med kamp med makta, vart begge sakene gjennomfÞrt av Arbeiderpartiet. Uansett kva parti ein mÄtte fÞle seg heime i, er sletting av studiegjeld ein av dei viktigaste distriktsgrepa i Noreg pÄ 40 Är.
Det er langt frÄ sikkert at vi vinn denne kampen om FOT-rutene.
Men éin ting kan eg uansett garantere redaktÞren: NÄr det kjem til saker som er viktige for regionen vÄr, sÄ seier vi det vi meiner.