Oppmoding om å oppretthalde kapasiteten på flyruta Førde – Oslo
Plus
– Vi er sterkt uroa over signal om redusert kapasitet og svekka krav.
I eit ope brev til partifellane sine, Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, Anniken Refseth, Kamzy Gunaratnam, Jone Blikra, Tom Einar Karlsen og Torbjørn Vereide, skriv Håkon Myrvang og Berit Hornnes følgande:
Sunnfjord Arbeidarparti vil med dette sterkt oppmode Arbeidarpartiet om å arbeide aktivt for å oppretthalde, ikkje svekke, flytilbodet på ruta Førde – Oslo.
Førde lufthamn har eit avgjerande transporttilbod for Sunnfjord og delar av Sogn. Flyplassen tener eit område på over 35.000 innbyggjarar, og er viktig for næringsliv, offentlege tenester, helsetenester, utdanning, pendling og rekruttering.I ein region utan jernbane, med krevjande vegstandard og avgrensa kollektivtilbod, er flyruta til Oslo ikkje eit luksustilbod, men ein heilt nødvendig del av infrastrukturen.
Vi er sterkt uroa over signal om redusert kapasitet og svekka krav til rutetilbodet på FOT-ruta Førde – Oslo. Slik vi ser det, vil dette vere i direkte motstrid til både faktiske behov i regionen og Arbeidarpartiet sin distriktspolitiske profil.
Trafikken ved Førde lufthamn har auka kraftig dei siste åra. I saksframlegget frå Sunnfjord kommune blir det vist til at talet på reisande har auka frå om lag 68500 i 2023 til om lag 83000 i 2025. Det blir òg peika på at det ofte er ventelister og manglande tilgang på billettar når folk faktisk treng å reise.
Dette viser at problemet ikkje er for stor kapasitet. Ei nedbygging av rutetilbodet vil difor ramme både innbyggjarar, næringsliv og offentleg sektor hardt.
I «Regjeringa sin plan for Norge» skriv regjeringa at bedrifter i heile landet skal ha god tilgang til transportinfrastruktur. Ei stabil flyrute Førde-Oslo er avgjerande for at næringslivet i Sunnfjord og regionen rundt skal kunne nå kundar, samarbeidspartnarar, myndigheiter og kompetansemiljø raskt. Planen legg også vekt på at næringslivet skal ha tryggleik til å satse gjennom stabile og føreseielege rammevilkår. Ei usikker eller svekka flyrute gjer det vanskelegare for bedrifter å planlegge, rekruttere og investere i regionen.
Vi ber difor Arbeidarpartiet om å arbeide for at:
Setekapasiteten på ruta Førde – Oslo vert oppretthalde.
- Det blir stilt krav som sikrar reelle dagsreiser mellom Førde og Oslo på kvardagar.
- Laurdagstilbodet blir vidareført eller styrkt.
- Maksimalprisen ikkje blir auka på ein måte som gjer tilbodet mindre tilgjengeleg for folk og næringsliv i distrikta.
For oss handlar dette om meir enn ei flyrute. Det handlar om busetnad, arbeidsplassar, offentlege tenester, rekruttering, beredskap og like moglegheiter mellom by og land. Skal vi sikre levande lokalsamfunn i heile landet, må staten stille opp med infrastruktur som faktisk fungerer.
Arbeidarpartiet må vere partiet som byggjer landet saman, ikkje partiet som aksepterer at distrikta får dårlegare tilgang til nasjonale møteplassar, arbeidsmarknader og tenester.
Sunnfjord Arbeidarparti ber difor Arbeidarpartiet om å prioritere saka høgt og bidra til at flytilbodet Førde – Oslo blir opprettheldt i det vidare arbeidet med FOT-rutene.
Berit Hornnes, Styreleiar Sunnfjord Arbeidarparti
Håkon Myrvang, Gruppeleiar Sunnfjord Arbeidarparti