Herold

Frivillige ryddar langs kysten: – Overraska over kor mykje søppel som kjem frå fiskeriet

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Merete Horpestad Published: 2026-05-07 16:00:00
Frivillige ryddar langs kysten: – Overraska over kor mykje søppel som kjem frå fiskeriet

Ein internasjonal mannskap av frivillige er i full sving med å rydda søppel langs kysten.

Eit fartøy frå organisasjonen In The Same Boat (ITSB) er på plass i gjestehamna. Oppdraget er fjerna marint søppel frå øyer og strender i traktene rundt Egersund. I løpet av ei snau veke har tre tonn avfall blitt henta opp.

Elsa Schiffauer er politisk aktiv heime i Tyskland. Ho melde seg som frivillig fordi ho kjende seg frustrert over miljøproblema og fordi ho hadde lyst å utgjera ein forskjell.

– Det som har overraska meg mest, er at så mykje av det som skyl i land stammar frå fiskeriet. Eg trudde det var privat søppel som var det store problemet, seier ho.

Dei andre frivillige er einige. Dei synest det er problematisk at så mykje avfall frå næringa hamnar i sjøen, og dei stiller seg spørjande til kvifor det er slik.

Dei frivillige i Egersund kjem frå Tyskland, Frankrike og Storbritannia. Utanom Elsa Schiffauer, som er 19, er alle i 20-åra.

Til liks med Elsa, kjenner alle på eit sterkt ønske om å gjera noko med miljøproblema. Og som frivillige i ITSB kjenner dei at dei faktisk kan bidra.

– Det er fint å oppleva naturen og samtidig kunna vera med å ta vare på han, seier Joris Grüning frå Tyskland.

Sitat Elsa

Langtidsfrivillige

Den ideelle organisasjonen In The Same Boat arbeider for å fjerna plastforureining frå havet, med eit særskilt fokus på arktiske farvatn og Nord-Europa. Sidan 2017 har organisasjonen fjerna over 1800 tonn plast med hjelp av langtidsfrivillige frå heile verda. Målet er å bevara marine økosystem og arbeida for eit plastfritt hav.

Stiftaren er Rolf-Ørjan Høgset. Han oppretta organisasjonen i 2017. Då hadde han selt verksemdene sine og bestemt seg for å konsentrera seg fullt og heilt om å bekjempa problemet med plast i havet.

Handelens Miljøfond finansierer mykje av drifta av organisasjonen. Bedrifter og privatpersonar bidrar òg. Organisasjonen har 20 lønna medarbeidarar, pluss cirka 25 frivillige på båtane. Dei frivillige er ute og ryddar nesten året rundt, bortsett frå i desember og januar.

Rolf-Ørjan Høgset fortel at det ikkje bare er utanfor Egersund søppelfangsten er god.

– Heile vestkysten er utsett. Og dess lenger nord me kjem, dess meir søppel. Finnmark og Svalbard er verst, seier han.

Mest frå fiskeriet

Rolf-Ørjan Høgset bekreftar at det er fiskeriet som er verst.

– 80 prosent av søppelet me ryddar kjem frå fiskeriet, seier han.

Noko kjem òg frå oppdrettsnæringa.

– Bare to-tre prosent er privat avfall, opplyser stiftaren av In The Same Boat.

Han peikar på at plastposar finn dei så godt som ikkje lenger. Derimot hentar dei frivillige opp mykje garnrestar og anna utstyr frå fiskeriet.

Høgset fortel at slikt utstyr kan bli liggjande igjen i havet og «fiska» lenge etter at det er kassert. Og om det flyt i land, kan det bli feller for både husdyr og vilt.

Stadig nytt søppel

Det er lenge sidan Rolf-Ørjan Høgset innsåg at å plukka marint søppel er eit arbeid ein ikkje blir ferdig med. I tillegg til at det flyt mykje gammalt søppel i havet, kjem det stadig nytt.

Utfordringa ligg i å løysa avfallsproblema til fiskeindustrien, meiner han. Han opplyser at organisasjonen samarbeider med næringa for å betra logistikken og finna nye måtar å handtera avfall på.

– Problemet er å få avfallet dit det skal. Det er kostbart og komplekst med dagens system, seier Høgset.

Organisasjonen arbeider for å få til ei løysing med søppelbåtar, båtar som erstattar søppelbilen i område der det er vondt å koma til med store bilar.

– Der det er dårlege løysingar for renovasjon, blir det enno dumpa mykje på havet. Det gjeld særleg Nord-Noreg, men òg plassar lengre sør i landet, seier han.

Med renovasjonsbåtar vil næringa få handtert søpla si både billigare og langt meir effektivt, ser han føre seg.

Rolf-Ørjan Høgset legg ikkje skjul på at det er ITSB som er drivkrafta i arbeidet med å få på plass betre løysingar.

– Næringa har mest fokus på omsetning. Men klarer me å løysa dette avfallsproblemet, vil bedriftene faktisk kunna spara pengar på det, seier han.

🏷️ Extracted Entities (13)

In The Same Boat ITSB (organization) Rolf-Ørjan Høgset (organization) Egersund (place) Tyskland (place) Elsa (entity) Utanom Elsa Schiffauer (person) Frankrike (entity) Handelens Miljøfond (person) Joris Grüning (person) Nord-Europa (entity) Nord-Noreg (entity) Storbritannia (entity) Svalbard (entity)