Herold

Ei rekke episodar med lugging i internasjonal fotball: Fleire norske profilar reagerer sterkt

Kilde: NRK Author: JĂžrund Wessel Carlsen Published: 2026-05-07 14:08:14
Ristar pĂ„ hovudet av lugge-trend i fotballen: – Det er slik ein gjer nĂ„r ein er under ti Ă„r

Dei beste fotballspelarane i verda luggar kvarandre som aldri fĂžr. No rasar lugge-debatten.

Dei siste vekene har det vore mange hendingar pÄ Þvste nivÄ der vaksne menn og kvinner luggar kvarandre.

– I Premier League skjer det jo nesten i annankvar kamp, seier Sebastian Holm Mathisen til NRK.

Mathisen spelar fotball for Sandefjord, og viser stolt fram dei gylne krĂžllane sine.

KRØLLTOPP: Sebastian Holm Mathisen i Sandefjord.

ForelÞpig har Mathisen sine lokkar fÄtt vere i fred, men han har lagt merke til trenden som spreier seg som ein pandemi i fotballen:

Lugging har blitt eit stort problem.

Det har vore fleire episodar i engelsk fotball og Meisterligaen for kvinner.

Laurdag kveld skjedde det igjen. Da sat superstjerna Wayne Rooney i fotballstudio til BBC og sa oppgitt:

– Eg kan ikkje tru at eg sit her og snakkar om at spelarar blir utviste for lugging. Det er latterleg. Reglane mĂ„ endrast, seier Rooney ifĂžlge BBC.

Springskalle og lugging blir straffa likt

SÄ langt er dei fleste luggerane straffa med raudt kort. Det gÄr under nemninga «valdeleg framferd» saman med slag og nedskalling.

Det fÄr fleire til Ä reagere.

Manchester United-manager Michael Carrick meiner blant anna at eit raudt kort for lugging var «det verste han hadde sett».

Sidan har det engelske fotballforbundet (FA) vore knallharde i sin dom: Lugging er valdeleg oppfĂžrsel.

– Andre typar valdeleg framferd utset motspelaren for stĂžrre fare. Men i fotballen si interesse kan ikkje lugging aksepterast, og mĂ„ derfor straffast strengt, seier FA i ei frĂ„segn ifĂžlge BBC.

Fleire tvilsame situasjonar

Her heime i Noreg er det ogsÄ ueinigheit.

Fleire spelarar pÄpeikar at det gÄr an Ä ta tak i drakta, og i staden ende opp med Ä bli ein luggande syndar.

– Om du ser at det er med vilje, sĂ„ synest eg det er greitt med raudt kort. Men er du uheldig, og ein situasjon som ikkje er med vilje, sĂ„ er det noko anna, seier LillestrĂžms Gustav Nyheim.

– Litt lugging er ikkje sĂ„ farleg. Gult kort er greitt. Raudt er hardt, seier Kristiansunds Leander Alvheim.

IKKJE REDD FOR LUGGING: Kristiansunds Leander Alvheim.

– Om du luggar ein spelar, sĂ„ skal det vere raudt. SĂ„ er det nokon tvilsame situasjonar. Det er skjĂžnn, dommarane mĂ„ vurdere det, seier Sebastian Holm Mathisen i Sandefjord.

Han meiner bevisst lugging mÄ straffast hardt.

– DĂ„ bĂžr det bli fleire kampar med karantene.

Undervegs i intervjuet med NRK klekker han ut ein lur plan.

NÄ skal hÄret gro for Ä freiste motstandarar til Ä nappe han i krÞllane.

– Kanskje eg blir lugga etter kvart, seier han med eit smil.

LUGGA: OgsÄ i Meisterligaen for kvinner har det vore episodar med lugging.

đŸ·ïž Extracted Entities (16)

Sebastian Holm Mathisen (person) Eliteserien i fotball 2026 📁 (category) Fotball 📁 (category) HĂ„r og frisĂžr 📁 (category) Manchester United 📁 (category) Premier League 2025/2026 📁 (category) Sandefjord (place) FA (entity) Kristiansunds Leander Alvheim (person) Meisterligaen (entity) Wayne Rooney (person) BBC (entity) LillestrĂžms Gustav Nyheim (person) Noreg (entity) Premier League (organization) United-manager Michael Carrick (organization)

📊 Metadata

Category: HÄr og frisÞr, Fotball, Eliteserien i fotball 2026, Premier League 2025/2026, Manchester United
OpenGraph Title: Ei rekke episodar med lugging i internasjonal fotball: Fleire norske profilar reagerer sterkt
Twitter Title: Ei rekke episodar med lugging i internasjonal fotball: Fleire norske profilar reagerer sterkt