Herold

Regjeringa må styrke matberedskapen i Norge

Plus
Kilde: Avisen Agder Author: Geir Pollestad, Landbrukspolitisk talsperson for Senterpartiet Published: 2026-05-07 03:27:36
Regjeringa må styrke matberedskapen i Norge

Senterpartiet meiner Norge har for låg sjølvforsyning av mat. Om lag 60 prosent av maten me et er importert. Det gjer oss dårleg rusta til å møte ei framtidig krise eller krig. Difor må me satse meir på norsk matproduksjon og me som forbrukarar må bli flinkare til å velje norske matvarer i butikken.

No er jordbruksforhandlingane i gang. Her ligg og ei løysing til å auke sjølvforsyninga av mat i Noreg. Inntektene til bøndene må opp og regjeringa har faktisk forplikta seg til å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i årets forhandlingar. Det krev Senterpartiet at landbruksministeren ordnar. Det vil koste 4 milliardar kroner i år – men kostnaden ved å ikkje ta mat på alvor er høgare.

Norge har moglegheit til å produsera mat av høg kvalitet, med god dyrevelferd og lågt miljøavtrykk. Det å basere seg på import av mat til Norge er dårleg beredskap, dårleg næringspolitikk og dårleg distriktspolitikk. Difor treng me ein aktiv landbrukspolitikk og eit godt jordbruksoppgjer.

🏷️ Extracted Entities (3)

Norge (entity) Noreg (entity) Senterpartiet (entity)