Nedlegging av tannklinikkar i Agder er eit beredskapsproblem
Plus
Nedlegging av offentlege tannklinikkar utan at det vert etablert reelle privat-offentlege alternativ, er problematisk for beredskapen. NÄr klinikkar vert lagde ned utan plan for korleis kapasitet og kompetanse skal takast vare pÄ lokalt, svekkar det samfunnet si evne til Ä handtere uventa situasjonar. I tida framover vil over halvparten av dei offentlege tannklinikkane i Agder leggjast ned, og det meiner me er eit beredskapsproblem.
Fylkeskommunen er ansvarleg for den offentlege tannhelsetenesta, og har plikt til Ä utarbeide beredskapsplanar som gjer tannklinikkane i stand til Ä tilby naudsynte tenester under krig og kriser. Akutte tannhelsetenester har ein samfunnskritisk funksjon. Beredskap krev planlegging, nÊrleik og fÞreseielegheit. Erfaringar frÄ land som tek totalberedskap pÄ alvor, viser at ein ikkje kan overlate kritiske helsetenester til marknaden utan klare rammer. Skal ein leggje ned offentlege tilbod, mÄ ein samtidig byggje opp robuste private alternativ som er ein del av totalberedskapen. Elles risikerer vi Ä stÄ svakare rusta nÄr neste krise kjem.
I Agder har over halvparten av dei offentlege tannklinikkane vorte vedtekne avvikla, samstundes som ein ikkje har sikra forpliktande samarbeid med private aktÞrar i dei kommunane som no mistar sin offentlege klinikk. I praksis betyr dette fÊrre behandlingsplassar, lengre reiseavstandar og mindre kontroll for det offentlege i ein beredskapssituasjon. Private tilbod kan vere eit godt supplement, men utan avtalar som sikrar deltaking i beredskap og krisehandtering, stÄr ein i fare for Ä miste viktig kapasitet nÄr ein treng han mest.
Beredskap handlar ikkje berre om sjukehus og ambulanse, men om heile helsetenesta â ogsĂ„ tannhelse. Skal ein tillate nedlegging av offentlege tilbod, mĂ„ det stillast krav om gode alternativ som er integrerte i det offentlege ansvaret. Elles risikerer vi Ă„ byggje ned ein beredskap som er vanskeleg og kostbar Ă„ byggje opp att.