Blomar og minnesmerke på ulykkesstaden etter tragedien
Plus
Ved ulykkesstaden på Radøyvegen der Paal Stenstvedt omkom i ei motorsykkelulykke søndag 3. mai har no pårørande og vener lagt ned blomar og gravlykter til minne om 59-åringen.
Langs Radøyvegen like overfor Kvernhusbekken ligg det no blomar, bukettar, gravlykter og delar av motorsykkelen til Paal Stenstvedt.
Minnesmerket er eit inntrykksfullt og rørande syn langs vegen.
Mest iaugefallande er visiret på hjelmen til den omkomne 59-åringen mellom blomar og lykter.
Ein stein ligg blant blomane: «Minnes i kjærlighet». Ved sidan av, ein av hanskane til motorsyklisten.
Livet stod ikkje til å redde
Klokka 17:25 søndag 3. mai blei naudetatane varsla om trafikkulykka gjennom AMK: Ein motorsyklist hadde køyrt i autovernet på Radøyvegen. Ambulanse med lege, brannvesen og politi rykte ut til staden.
Han var ute og køyrde i finvêret saman med eit lite følgje med andre motorsyklistar då ulykka skjedde.
Luftambulansen rykte også ut, men livet til 59-åringen stod ikkje til å redde. Han blei erklært død på staden.
Vitne blei følgde opp av politiet.
Tragisk ulykke
Frå det NH har fått opplyst så langt om hendinga, skal ikkje fart ha vore ein avgjerande faktor i ulykka.
Frå dei naudetatane avisa har snakka med framstår også hendinga som ei tragisk ulykke med dødeleg utfall.
Politiet og ulykkesgruppa i Statens vegvesen gjorde undersøkingar på staden etter ulykka.
Saka etterforskast vidare av Nordhordland politistasjonsdistrikt.