Herold

Antarktis: Ti gonger så kraftig smelting på grunn av varmt vatn under isen

Kilde: NRK Author: Eivind Molde Published: 2026-05-07 11:25:36 Last updated: 2026-05-07 11:43:30
Antarktis: Ti gonger så kraftig smelting på grunn av varmt vatn under isen

Svære kanalar med varmt vatn inne i isen. Det er dårleg nytt. Smeltinga kan bli opp til ti gonger kraftigare.

Nesten heile det antarktiske kontinentet er dekt av is. Det stikk opp nokre fjelltoppar her og der, elles er alt kvitt.

Ute ved kysten, der innlandsisen møter havet, held isen fram i form av isbremmar som flyt på vatnet. Dei er som eit «belte» rundt heile kontinentet.

Isbremmen Fimbulisen flyt på havet i Dronning Maud Land i Antarktis.

Forskarane veit frå før at vatnet under isen blir stadig varmare. Havstraumar frå Sørishavet fører varmt vatn inn under isen. Isbremmane smeltar frå undersida.

No viser ny forsking at smeltinga mange stader kan bli opp til ti gonger kraftigare enn elles.

Kanalar med varmt vatn

Det varme vatnet samlar seg i nemleg i lange, djupe kanalar langs undersida av isbremmen. Forskarane har hatt lite informasjon om effekten av dette. No har dei fått viktige svar.

– Vi ser at det varme vatnet legg seg i toppen av kanalane, lengst inne. Det fører til at smeltinga blir kraftigare, seier Tore Hattermann.

Han er leiar for oseanografiseksjonen ved Norsk Polarinstitutt og ein av hovudforfattarane av ein rapport som blir presentert i det internasjonale magasinet Nature Communications i dag. Rapporten er laga av Norsk Polarinstitutt og Akvaplan-niva.

Illustrasjonen viser ein kanal under ein isbrem i Antarktis. Vi ser inn mot isen si underside.

Overflata under isen er altså ikkje heilt plan eller flat alle stader. Kanalane er som ei renne eller ein «omvendt dal» som skjer seg inn i isen si underside i fleire titals kilometer.

Ein kanal kan gjerne vere rundt ein kilometer brei og ca. 200 meter djup.

– Kraftigare smelting kan svekke stabiliteten i isbremmane. For når kanalane smeltar raskare enn områda rundt, veks dei seg djupare og breiare, seier Tore Hattermann.

Fimbulisen ligg i Dronning Maud Land, nord for forskingsstasjonen Troll.

Det som forskarane omtalar som «varmt» vatn i denne samanhengen, er nok kaldt for folk flest. Ifølgje målingar som er gjort, kan temperaturen inne i ein slik kanal liggje på rundt 1–2 plussgrader.

Det som er viktig, er at dette er 2–3 grader varmare enn i området rundt kanalen.

Havnivåstiging

I Antarktis finn vi rundt 90 prosent av all is på jorda. Innlandsisen bevegar seg heile tida sakte utover mot havet. Rundt ti prosent av isoverflata i Antarktis er isbremmar.

Dei fungerer som «proppar» som held innlandsisen tilbake.

Tynnare og meir ustabile isbremmar kan få store konsekvensar, ifølgje forskarane. Motstanden blir mindre, slik at innlandsisen kan komme til å strøyme raskare ut i havet. Det kan føre til auka havnivåstiging.

Derfor følgjer forskarane nøye med på denne utviklinga.

– Dei delane av isbremmane som ligg nærast grunnlinja, altså der isen møter berggrunnen, er mest utsett, fortel Hattermann. Men han legg til:

– Kor fort dette vil destabilisere ein isbrem, kan vi ikkje seie noko sikkert om i dag.

Satellittmålingar viser at ein finn desse kanalane under dei fleste isbremmane, og effekten når det gjeld smelting er relevant for store delar av Aust-Antarktis, ifølgje rapporten.

Viktig for klimamodellane

Funna i rapporten vil vere viktige i arbeidet med å oppdatere modellane som fortel korleis klimautviklinga kan bli framover.

– Klimamodellane som vi har i dag, har ikkje fanga opp det som denne rapporten viser, nemleg at isbremmane kan vere mindre stabile enn det som er slått fast til no. Derfor er det viktig at effekten av varmt vatn i desse kanalane no er dokumentert, seier Hattermann.

Han er prosjektleiar for overvakinga på Fimbulisen, og har følgt prosjektet heilt frå starten i 2009.

– Dramatisk temperaturauke

Det er ikkje berre i Antarktis at havtemperaturen er ei utfordring. EU si klimaovervakingsteneste Copernicus la i slutten av april fram sin statusrapport for Europa i 2025.

Rapporten viser blant anna at overflatetemperaturen i havet i Europa var den høgaste som er målt nokon gong. 86 prosent av regionen hadde marine hetebølgjer.

– Utviklinga er dramatisk. Høgare temperaturar fører til at slike sterkare hetebølgjer kjem oftare. Noko som kan vere skadeleg for livet i havet.

Det seier forskningleiar Marius Årthun ved Bjerknessenteret for klimaforsking.

Han understrekar også at havet er ein viktig del av klimasystemet vårt.

– Global oppvarming er ein del av årsaka til det som skjer. I tillegg kjem dei naturlege variasjonane på toppen av dette. Så det er eit samspel av faktorar som gjer at temperaturane blir så ekstreme som vi har sett dei siste åra.

🏷️ Extracted Entities (18)

Antarktis (entity) Tore Hattermann (person) Antarktis 📁 (category) Fra NRKs klimaredaksjon 📁 (category) Klima og miljø 📁 (category) Urix 📁 (category) Europa (entity) Isbremmen Fimbulisen (person) Maud Land (person) Nature Communications (person) Norsk Polarinstitutt (organization) Akvaplan (entity) Aust-Antarkti (entity) Bjerknessenteret (entity) Copernicus (entity) Marius Årthun (person) Sørishavet (entity) Troll (entity)

📊 Metadata

Category: Urix, Klima og miljø, Fra NRKs klimaredaksjon, Antarktis