Herold

Verdas lengste biltunnel er ikkje trygg nok – stenger kvar natt i to år

Kilde: NRK Author: Tale Hauso Published: 2026-05-07 08:09:22
Verdas lengste biltunnel er ikkje trygg nok – stenger kvar natt i to år

Statens vegvesen varslar allereie no om omfattande anleggsarbeid på E16 til hausten. Kjem du for seint, må du førebu deg på fleire timar omveg.

Frå hausten 2026 startar eit omfattande anleggsarbeid som vil påverka alle som køyrer E16 mellom Bergen og Oslo via Lærdal.

Statens vegvesen går no ut med ei kraftig oppmoding til trafikantane: Planlegg reisa godt, elles kan ein rekna med store forseinkingar.

– Vi har forståing for at dette skapar utfordringar. Nettopp difor går vi ut med informasjon allereie no slik at trafikantane kan førebu seg på ein ny reisekvardag til hausten, seier prosjektsjef Stig Magnus Berg-Thomassen i Statens vegvesen.

Stenger 12 timar kvar natt

Den største endringa skjer i Lærdalstunnelen.

Verdas lengste biltunnel skal oppgraderast for å møta dagens krav for trafikktryggleik.

Arbeidet er planlagt å starta i september 2026 og vil vara i to år.

Her vil tunnelen bli heilt stengd mellom kl. 18.00 og 06.00.

Det tyder at om du kjem til bommen etter klokka 18, må du belaga deg på lange omkøyringar. Køyrer du til vanleg aust-vest via Hemsedal eller Filefjell vil dette råka deg.

Hol-Aurland, Hardangervidda, Vikafjellet er aktuelle omkøyringar, men er vêrutsette høgfjellsovergangar. Haukeli kan og vera eit alternativ.

Statens vegvesen har eigne avtalar med naudetatane i forhold til gjennomkøyring når Lærdalstunnelen er stengd.

I høgtidene jul og påske, i tillegg til nokre veker om sommaren, vil det bli periodar med heilt open veg.

Stig Magnus Berg-Thomassen er prosjektleiar i Statens vegvesen. Han oppmodar bilistar om å planlegge godt til hausten.

Her kjem køane til å stå

Det er ikkje berre i Lærdal det blir gult lys og kjegler.

Statens vegvesen og Bane Nor skal i gang med fleire prosjekt som vil påverka reisetida di:

Oversikt vegarbeid:

  • E 16 Arna-Stanghelle: Arbeid ved Romslo, Trengereid, Langhelleneset, Gamle Fossen og Dalehagen. Stenging inntil 30 minutt og redusert framkome.
  • E 16 Voss (mellom Åsbrekkegjeldet og Skromle bru): Utbetring av veg. Arbeidet held på fram til hausten 2026.
  • På E16 vil det og bli gjennomført rutinemessig vedlikehald som kan føra til midlertidige omkøyringar eller kolonne. Kortvarig arbeid utført på nattetid.
  • Rv 5 Fodnestunnelen: Vedlikehald. Kolonnekøyring. Arbeidet skal vera ferdig ved årsskiftet 2026/2027.
  • Rv 52 Hemsedal: Vegutbetring to stadar. Stengt i inntil 30 minutt ved sprenging.
  • Rv 7. Hallingdal: Utbetring av veg i Flå. Stengt i inntil 20 minutt ved sprenging.

Kjelde: Statens vegvesen

Vegvesenet sitt råd: Bruk appen

Med mykje vegarbeid mellom aust og vest, kan det bli utfordrande å berekna kva tid ein faktisk rekk fram til Lærdalstunnelen før den stenger for kvelden.

– Då er det viktig å hugsa på at anleggsarbeid på både Aust- og Vestlandet vil medføra at ein brukar lenger tid enn vanleg fram til Lærdalstunnelen, forklarar Berg-Thomassen.

Statens vegvesen oppmodar bilistane å halda seg oppdaterte ved å bruka nettsida deira eller lasta ned appen «Vegvesen trafikk» for å få varsel om strekninga ein skal køyra.

I tillegg oppmodar dei bilistane om å køyra på dagtid om ein har moglegheit til det.

Stenginga av Lærdalstunnelen skjer frå september, men den nøyaktige datoen blir klar så snart kontrakten med entreprenør er signert før sommaren.

– Vi lovar å informera trafikantane så snart datoen er klar, seier Berg-Thomassen.

VERDAS LENGSTE: Den 24,5 kilometer lange Lærdalstunnelen går mellom kommunane Lærdal og Aurland i Vestland fylke.

🏷️ Extracted Entities (30)

Lærdalstunnelen (entity) Stig Magnus Berg-Thomassen (organization) Lærdal (place) Trafikk i Vestland 📁 (category) Trafikksaker fra NRK 📁 (category) E16 (entity) Hemsedal (place) Statens (entity) Arna-Stanghelle (entity) Aurland (place) Aust (entity) Bane Nor (person) Bergen (entity) Dalehagen (entity) Filefjell (entity) Flå (entity) Fodnestunnelen (entity) Gamle Fossen (person) Hardangervidda (entity) Langhelleneset (entity) Oslo (place) Romslo (entity) Skromle (entity) Trengereid (entity) Vegvesen trafikk (entity) Vestland (place) Vestlandet (entity) Vikafjellet (entity) Voss (entity) Åsbrekkegjeldet (entity)

📊 Metadata

Category: Trafikksaker fra NRK, Trafikk i Vestland
OpenGraph Title: E16-kaos frå hausten: Slik blir din nye reisekvardag
Twitter Title: E16-kaos frå hausten: Slik blir din nye reisekvardag