Herold

Vårin fekk hjernehinne­betennelse og hamna i koma – åtvarar russen

Kilde: NRK Author: Linnea Fagerbakke Heggland Published: 2026-05-06 18:12:45
Heldt på å døy av hjernehinne­betennelse – åtvarar russen

Med russetida rett rundt hjørnet, aukar òg risikoen for smittsam hjernehinnebetennelse. Som russ hamna Vårin Strand i koma i fleire dagar.

Saka samanfatta

  • Som russ heldt Vårin Strand på å døy på grunn av hjernehinnebetennelse.
  • Russ er spesielt utsett for hjernehinnebetennelse på grunn av tett samvær, festing, lite søvn og rusbruk.
  • Tidlege symptom på hjernehinnebetennelse kan vere feber, hovudverk, muskelverk, diaré og nedsett allmenntilstand, som kan verte forveksla med andre infeksjonar.
  • Vaksinasjon er best beskytting mot hjernehinnebetennelse, men vaksinane er ikkje ein del av barnevaksinasjonsprogrammet.

Det er våren 2015.

Vårin er midt i russetida og har nettopp vakna til ein ny dag med fest og moro.

Men det er noko som ikkje stemmer.

– Eg merka at det var noko rart som skjedde i kroppen.

Russetida til Vårin vart ulik dei fleste andre sin.

Faren hentar ho, og reager på korleis ho ser ut.

– Han sa, kva har skjedd med deg, du er heilt grøn i ansiktet, hugsar ho.

Faren køyrer ho raskt til sjukehuset. Vårin har nemleg diabetes og dei mistenker syreforgifting.

– Den natta tenkte eg at noko er alvorleg gale. Om morgonen fall eg i koma.

Det Vårin og familien først trudde var komplikasjonar med diabetes, viste seg å vere hjernehinnebetennelse.

Heldigvis er Vårin på sjukehuset når ho mister bevisstheita og legane kan leggje ho i kunstig koma.

Dei skjøner at det er hjernehinnebetennelse, og ikkje komplikasjonar med diabetes, som gjer Vårin så sjuk.

Dette er hjernehinnebetennelse

  • Hjernehinnebetennelse oppstår når meningokokkbakterien infiserer væska rundt ryggmergen og hjernen.
  • Denne betennelsen kan gje hovudverk, feber, kvalme, svimmelheit og stiv nakke.
  • Om bakteriane kjem i blodet, kan det føre til blodforgifting og utslett.
  • Hjernehinnebetennelse utviklar seg svært raskt og kan vere veldig alvorleg.
  • Omtrent 10 av 100 personar med sjukdomen døyr.
  • Andre kan få funksjonshemmingar som høyrselsskadar, synstap og epilepsi.

Russen er ekstra utsett

Kvart år blir rundt 25 personar i Noreg smitta av hjernehinnebetennelse.

Unge mellom 16–19 år har høgast risiko for smitte.

Karine Norstrand, overlege ved Folkehelseinstituttet, forklarar at spesielt russ er utsett for hjernehinnebetennelse.

– Smitte spreier seg lettare når mange er tett saman, til dømes på festar, ved deling av flasker og ved nær fysisk kontakt.

Med andre ord; russetida er ei smittebombe.

Utydelege symptom

Nokre tidlege symptom på hjernehinnebetennelse er feber, hovudverk, muskelverk, diaré og nedsett allmenntilstand.

Difor er det ikkje er lett å skilje hjernehinnebetennelse frå andre infeksjonar.

– Eg var litt stiv i nakken og kjente meg uggen. Men eg kunne like gjerne ha vore bakfull, hugsar Vårin.

Vårin opplevde at det kan vere vanskeleg å skilje hjernehinnebetennelse frå andre infeksjonar.

Eit særeige symptom er det raude, prikkete utslettet ein får ved hjernehinnebetennelse.

Men dette fekk ikkje Vårin.

– Sjukdomen kom snikande. Eg kunne berre tenkt at eg var vanleg slapp.

Vårin fortalde først historia si til NRK i 2016:

Vil ha vaksine til alle

Ifølgje FHI er den beste måten å beskytte seg mot hjernehinnebetennelse å ta vaksine.

Desse vaksinane er ikkje ein del av barnevaksinasjonsprogrammet og det er difor opp til kvar enkelt kommune om dei vil tilby vaksinane gratis.

Vaksinen mot den vanlegaste bakterietypen, ACWY-vaksinen, kostar rundt 400 kroner.

– FHI har føreslått at ungdom i 10. klasse skal få tilbodet om ACWY-vaksinen som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet, seier Nordstrand.

Forslaget vart sendt til Helse- og omsorgsdepartementet sommaren 2023, men det er framleis ikkje tatt ei endeleg avgjerd.

I år har rundt halvparten av VG1-elevane tatt ACWY-vaksinen, ifølgje FHI sine tal.

– Vaksinen bør vere gratis. Det bør ikkje vere ulikskap rundt kven som han ta han, meiner Vårin.

Måtte lære alt på nytt

Etter fleire dagar, vakna Vårin frå koma.

– Eg var heilt forvirra. Eg hugsa ikkje så mykje.

Etter fleire dagar i koma kan foreldra til Vårin endeleg klemme ho ordentleg.

Legane kjempa hardt for å overvinne infeksjonen.

– At dei klarte det er eit vedunder, seier ho.

At faren raskt forstod alvoret av sjukdomen hadde alt å seie.

– Hadde eg ikkje allereie vore på sjukehuset, hadde eg stroke med. I verste fall er det ein dødeleg sjukdom.

Ho sleit med dårleg høyrsel og at hjernen jobba treigt i fleire år etterpå.

– Men eg er eigentleg ganske frisk i dag, smiler ho.

Heldigvis fekk Vårin høyrselen tilbake. I dag er ho artist og treng han for å skrive si nye plate.

Ho har ei klar oppmoding til foreldre og russen.

– Det er viktig å ta vaksinen. Det er mogleg å ha det gøy i russetida samtidig som ein passar på.

🏷️ Extracted Entities (12)

Vårin Strand (organization) ACWY (entity) Helse 📁 (category) Helse og livsstil 📁 (category) Norge 📁 (category) Ifølgje FHI (organization) Folkehelseinstituttet (entity) Helse (entity) Karine Norstrand (person) Nordstrand (place) Noreg (entity) VG1 (entity)

📊 Metadata

Category: Norge, Helse, Helse og livsstil
OpenGraph Title: Vårin fekk hjernehinne­betennelse og hamna i koma – åtvarar russen
Twitter Title: Vårin fekk hjernehinne­betennelse og hamna i koma – åtvarar russen