Herold

Hjelmen din har faktisk ein utløpsdato – sjekk om du syklar med falsk tryggleik

Kilde: NRK Author: Magnus Stokka Published: 2026-05-06 20:25:42
Hjelmen din har faktisk ein utløpsdato – sjekk om du syklar med falsk tryggleik

Adrian Olsen (21) har erfart kva som kan skje om sykkelhjelmen er for gammal. Trygg Trafikk og tidlegare proffsyklist ber deg byta til ny hjelm oftare enn du trur.

Saka oppsummert:

  • Sykkelhjelmar har ein utløpsdato og bør bytast etter 5–7 år, eller umiddelbart etter eit hardt støyt eller fall.
  • Statistikken viser ein auke i sykkelulykker, med 11 omkomne syklistar i 2025, det høgaste talet sidan 2016.
  • Bruk av sykkelhjelm reduserer risikoen for alvorlege hovudskadar med 71 prosent, og mange dødsfall kunne vore unngåtte med hjelmbruk.
  • Det er viktig å bruke hjelmen rett; han skal sitje vassrett og vere to centimeter over augnebryna.
  • God infrastruktur og rett hjelmbruk er avgjerande for å redusere sykkelulykker og auke tryggleiken for syklistar.

– Eg har sett ting som eg ikkje vil skal skje meg.

Adrian Olsen (21) er bevisst på sykkelhjelmen.

Han har ein kjærast som studerer paramedisin, og har sett kva som kan skje om hjelmen er for gammal.

– Viss han er gammal, så ser du at han sprekk i to med ein gong. Eg har òg*vore i skitrekket og redda folk, seier han.*

Olsen kjøpte hjelmen i fjor, og pleier å sjå på datoen for når hjelmen blei laga.

21-åringen tek sykkelen til forelesinga ved Universitetet i Stavanger.

Så lenge kan du ha hjelmen

Elisabeth W. Haaland har nettopp parkert sykkelen ved eit populært badeanlegg i Stavanger.

– 2022, strek 11. Altså november 2022.

Nå sjekkar ho datoen for når hjelmen er produsert.

– Det er jo godkjent det. Men hjelmen er faktisk nyinnkjøpt for tre veker sidan, seier regionleiaren for Trygg Trafikk i Rogaland.

Det viser kor viktig det er å sjekka datoen på sykkelhjelmen, ifølge Haaland.

For rådet frå Trygg Trafikk er klart:

Hjelmen din bør bytast etter 5–7 år.

Etter eit hardt støyt eller fall må hjelmen bytast umiddelbart, sjølv utan synleg skade.

– Du må byta hjelmen oftare enn du trur. Men det kjem an på lagring og bruk. Har du fått skade, er rådet å kjøpa ny hjelm, seier Haaland i Trygg Trafikk.

Det er enkelt å sjekka når hjelmen din er produsert (sjå bilete under).

– Er folk flinke nok til å tenka på dette?

– Eg trur ikkje det. Når ein kjøper ein hjelm, er det lett å tenka at ein har den resten av livet. Men slik er det jo ikkje.

Det er enkelt å sjekka produksjonsåret for sykkelhjelmen din. Denne er produsert i november 2022.

Les fleire hjelmtips lengre nede i artikkelen.

Dyster statistikk

Årets sykkelsesong er i full gang.

Og i fleire delar av landet, som Oslo kommune, blir det stadig fleire syklistar, ifølge Reisevaneundersøkinga.

Men bak den gledeleg utviklinga, ligg også ein dyster ulukkesstatistikk.

11 syklistar omkom i trafikken i 2025.

Det er det høgste talet sidan 2016, viser Statens vegvesen sine ulukkestal.

Per april 2026 har ein person mista livet på sykkel.

Fleire hundre førarar og passasjerar på sykkel blir også skadde i trafikken kvart år.

Talet på sykkelskadar har variert frå om lag 800 til rundt 300 årleg dei siste 25 åra, viser statistikk frå SSB.

Tidlegare proffsyklist Gunn-Rita Dahle Flesjå hadde fire-fem nye hjelmar kvart år då ho var aktiv.

Ho synest det er trist å lesa den dystre ulukkesstatistikken med sykkel.

– Statistikken går feil veg. Det er ikkje slik me vil ha det. I alle fall ikkje når det blir sett i gang så mange tiltak, og det blir jobba så heftig med trafikktryggleik for alle trafikantar.

Gunn-Rita Dahle Flesjå er tidlegare terrengsyklist og har lang erfaring med hjelmbruk.

I tillegg er mørketala store.

Ifølge Transportøkonomisk institutt kjem berre 7,5 prosent av sykkelskadane med i politiet sin statistikk.

Eineulykke på sykkel, der syklisten blir lettare skadd, blir i praksis aldri rapporterte, ifølge instituttet.

Slik bruker du sykkelhjelm riktig

  • Hjelmen skal sitte vannrett.
  • Stram remmen, det skal kun være plass til to fingre under.
  • Y-splittene skal starte under øreflippen. Sjekk gjerne før hver tur.
  • Hjelmen skal sitte nærmere øyenbrynene enn hårfestet.
  • Stram til bak, og rist på hodet for å sjekke at hjelmen følger bevegelsen.

Typiske feil

Sitter hjelmen feil, har den liten effekt. Typiske eksempler på feil:

  • Dekker ikke pannen.
  • Ditter for løst.
  • Y-splitt har sklidd ned.

Sjekk merking

Spesielt viktig er det å beskytte pannen og tinningene skikkelig. Hele 70 prosent av støtene mot hode i sykkelulykker treffer disse områdene.

En god sykkelhjelm er merket med CE og EN 1078. Dette er EUs standard for hjelmer som er godkjent for skating og sykling.

Kilde: Trygg Trafikk.

13 av 16 kunne overlevd

Det er bakteppet for at Trygg Trafikk igjen slår eit slag for hjelmen.

I dag syklar berre 4 av 10 alltid med hjelmen på, ifølge undersøkingar.

– Eg bruker alltid hjelm for eg veit at statistikken tilseier at det er veldig lurt, seier Haaland i Trygg Trafikk.

Ho viser til ein studie frå Oslo universitetssjukehus som avslører at bruk av sykkelhjelm reduserer risikoen for alvorlege hovudskadar med heile 71 prosent.

I tillegg viser analysar av ulukker i vegtrafikken (UAG) at 13 av 16 drepne syklistar i perioden 2019–2024, som ikkje brukte hjelm, kunne overlevd dersom dei hadde brukt hjelm.

– Og så må du bruka hjelmen rett. Akkurat som med sikkerheitsselen i bilen. Eg ser at du har hjelmen litt feil på, påpeikar Haaland.

Regionleiaren i Trykk Trafikk påpeikar at NRK sin utsende reporter på elsykkel ikkje er feilfri.

– Den er for høgt oppe. Hjelmen skal berre vera to centimeter opp frå augnebryna dine. I tillegg skal den sitja vassrett på hovudet.

– Dumt å ikkje bruka hjelm

Sykkelreporteren følgjer instruksen.

– Sånn, ja. Nå er den heilt rett på. Hugs at dei fleste skadane skjer anten i panna eller i tinningen. Då må hjelmen beskytta dette området også.

– Kva er ditt viktigaste hjelmråd, Gunn-Rita Dahle Flesjå?

– Det er berre så dumt å ikkje bruka hjelm. Ei ulukke på sykkel kan skje alle. Sjølv om du er god og har sykla mange gonger på same vegen. Det skjer så ufatteleg fort. Hjelm er ei veldig billeg og viktig investering.

– Kva med kvaliteten på hjelmen?

– Det er mange gode hjelmar. Finn ein hjelm som passar hovudet ditt, og kjenn at du får stramma den godt og at den er behageleg på.

Eline Oftedal er generalsekretær i Syklistforeningen. – Ha ein hjelm du likar og bruk den, er rådet hennar.

Syklistforeningen jobbar for at det skal bli tryggare å sykla.

Dei påpeikar at det generelt er trygt å sykla her til lands, og få ulukker i forhold til kor mange som trør rundt på to hjul.

– Men det er framleis for mange ulukker. Hjelm er viktig, men også god infrastruktur for syklistane. Det betyr at det bør vera god og trygg plass for oss i trafikken, seier generalsekretær Eline Oftedal.

🏷️ Extracted Entities (21)

Elisabeth W. Haaland (person) Trygg Trafikk (organization) Rogaland 📁 (category) Sykkel 📁 (category) Trafikksikkerhet 📁 (category) Adrian Olsen (person) Eline Oftedal (person) Gunn-Rita Dahle Flesjå (organization) Oslo (place) Stavanger (entity) Transportøkonomisk institutt (organization) CE (entity) EU (entity) Reisevaneundersøkinga (entity) Rogaland (place) SSB (entity) Statens (entity) Syklistforeningen (entity) Trykk Trafikk (organization) UAG (entity) Universitetet (entity)

📊 Metadata

Category: Sykkel, Trafikksikkerhet, Rogaland