Vart lova betre tryggleik for borna. No er det heile sett på vent
Plus
I januar vart foreldra lova at dersom alt gjekk etter planen kom det nytt busstopp til skulestart i august. No er prosjektet sett på vent.
Dette er saka
Den 10. januar kom ei etterlengta melding til FAU Trafikkgruppa Vinje: Vegvesenet hadde funne midlar til å gjennomføra tiltak for å betra tryggleiken for borna.
FAU har kjempa i fleire år for å ha betre rammer rundt busstoppen, som ligg ved Joker-butikken og rundkøyringa på Vinje.
– Viss alt går etter planen vil haldeplassen vera klar til nytt skuleår 2026/27, uttalte seksjonsleiar Torun Emma Torheim i Statens vegvesen til Hordaland.
Kart med ID 533978
No har saka snudd.
I ein e-post skriv Torheim at prosjektet er sett på vent.
– Me hadde eit møte med alle partar der Vegvesenet la fram forslag til utbetring på busshaldeplassen. Me fekk negative tilbakemeldingar på løysinga, og prosjektet er difor sett på vent, seier ho.
No jobbar dei med å få på plass ei busslomme til skuleborn på Flisram i Myrkdalen.
Kart med ID 533687
Enkle tiltak
FAU har saman med grunneigarane, Sambygg og Vossestrand handel, blitt einige om tiltak som likevel kan betra tryggleiken ved Vinje.
– Me kan ikkje akseptera at det ikkje blir gjort tiltak i det heile, skriv Kari Sundve Måren, Joyce Reni Nilsen, Yasmin K.D. Tombre og Kari Veseth Kinden til Vegvesenet i eit brev.
– Me har heile tida etterlyst tiltak som kan betra tryggleiken, seier Kari Veseth Kinden til Hordaland.
Kari Veseth Kinden
Dei føreslår no følgjande enkle tiltak på staden:
- Oppstramming av avkøyrsla, men framleis inn- og utkøyring ved rundkøyringa.
- Skilting og oppmerking rundt haldeplassen.
- Merking av parkeringsplassar.
- Merking av bussfelt som er forbode for tungtransport ved haldeplassen.
- Oppgradering av venteområdet.
- Belysning av området.
- Betre rutinar på brøytinga.
Skal sjå på saka
– Me har ikkje fått diskutert innspela internt hjå oss endå, men har trua på at me skal få til ei løysing som alle partar til slutt kan verta samde om, seier Torheim.
Eventuell oppstart av tiltaka er usikkert, opplyser ho om.
Marita Saue Skjoldli bio2
Foreldra har kjempa i fleire år. No gjer Vegvesenet endeleg tiltak
Skulevegen vert stadig farlegare, men heradet har ikkje ressursar: – Kva er eit menneskeliv verdt her?
No har foreldra fått nok: – Korleis er dette forsvarleg?