Herold

– Entreprenør har vore ute på utsette stader

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-05-06 05:24:38
– Entreprenør har vore ute på utsette stader

Etter ei meldingsrik natt til tysdag, har ikkje snøen vore like sentrumsnær natt til onsdag. Men det har komme meldingar om glatte vegar.

– Det har vore forholdsvis roleg i natt i forhold til i går, er den korte, overordna oppsummeringa frå trafikkoperatør Malin Blom ved Vegtrafikksentralen Vest onsdag morgon.

Men det betyr ikkje at snøen ikkje har gjort seg gjeldande også denne morgonen, og trafikkoperatøren fortel at dei har fått inn meldingar om utfordrande køyreforhold også denne morgonen.

Natta starta også med eit gult farevarsel for snø, som gjeld for store deler av Vestland:

Gult farevarsel for snø

Slaps i vegbana

– På riksveg 15 i Nordfjord, mellom Bryggja og Stårheim, der har vi fått melding om slaps i vegbana, så der må folk vere obs, seier ho.

Desse meldingane kom inn i 05.00-tida.

– Entreprenør er her varsla, og har vore ute, fortel ho.

I tillegg har det vore meldt om glatt veg på fv. 614 ved Magnhildskaret i Kinn.

Entreprenørar kalla ut

Dagen før fortalde kollega ved Vegtrafikksentralen, John Andreas Omdahl, at det gule farevarselet som denne veka kom for snø gjaldt i fjella. Han hadde då ikkje oversikt over om og kor mykje av brøytebilar eller saltebilar som hadde vore ute i låglandet, som i Sunnfjord. Det vart då peika på at mange entreprenørar i kystnære strok var ferdig med vinterdrift for sesongen.

På spørsmål om det er kalla ut meir maskineri i natt, grunna snøen som fall natt til i går og i går morgon, fortel trafikkoperatør Blom at ho ikkje veit eksakt:

– Men entreprenør har vore ute på utsette stader.

🏷️ Extracted Entities (10)

Malin Blom (person) Vegtrafikksentralen Vest (organization) Bryggja (entity) John Andreas Omdahl (person) Kinn (entity) Magnhildskaret (entity) Nordfjord (place) Stårheim (place) Sunnfjord (place) Vestland (place)