Herold

Skal du til Bergen i helga? Då bør du la bilen stå

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Idar Stadheim Published: 2026-05-06 08:16:36
Skal du til Bergen i helga? Då bør du la bilen stå

Statens vegvesen fryktar kaos i sentrum om ikkje reisande nyttar seg av kollektivtransport.

FIRDA.NO:Årsaka? Fløyfjelltunnelen vert stengd mot sentrum gjennom heile helga.

Og med det ønskjer vegvesenet å vere føre var med å oppmode alle om å reise kollektivt for å unngå trafikkaos i sentrum.

– Dette er ei helg der vi verkeleg ber folk om å la bilen stå. Med stengt sørgåande løp mot sentrum og store arrangement i byen, kan det bli køar som forplantar seg langt ut i vegnettet, seier seksjonssjef Jørn Kristian Engebø i Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Men det er ikkje berre kaos som vert åtvara om. Dei åtvarar også om at det vil bli køar heile helga.

Slik blir trafikken påverka

Frå fredag ettermiddag

Oppmodinga om å la bilen stå, gjeld særleg reisande som skal frå Åsane og områda nord for Bergen og inn mot sentrum.

Om du planlegg å køyre inn til Bergen sør, rår vegvesenet deg til å køyre via Arna og Grimesvingane.

Stenginga vil starte frå fredag klokka 17.00.

Då vert det sørgåande løpet av Fløyfjelltunnelen stengd, og denne opnar opp att måndag 11. mai klokka 05.30.

Arbeidet som skal bli utført er sprenging, støyp og asfaltering. Det er elles for omfattande til at det kan bli utført som nattarbeid.

Sjølve Fløyfjelltunnelen er gammal og har behov for store utbetringar for å kunne vere sikker i dei kommande åra, skriv Statens vegvesen. Arbeidet har allereie gitt periodar med nattestenging, og trafikantane må vere budde på at dette også vil halde fram gjennom heile 2026.

Venta høg aktivitet i sentrum

Det vert også påpeika at laurdagen er ein dag med fleire større arrangement i Bergen sentrum, mellom anna gratiskonsert og storskjermvising av cupfinalen på Torgallmenningen. Det er difor venta at mange vil ta seg til sentrum denne dagen.

Grunna den totale situasjonen og at fleire no vert oppmoda om å reise kollektivt, har Vegvesenet ei siste oppmoding: Ein bør berekne litt ekstra tid for å komme seg fram akkurat denne helga.

Nygård viker ikkje: Held på flykutt trass i protestar

Uventa snøfall skapar problem – ber folk vere varsame

🔗 Published by 2 sources - Compare:

THIS SOURCE Firdaposten PLUS
Skal du til Bergen i helga? Då bør du la bilen stå
Idar Stadheim · 2026-05-06 08:16:36
Statens vegvesen fryktar kaos i sentrum om ikkje reisande nyttar seg av kollektivtransport.
Firda PLUS
Skal du til Bergen i helga? Då bør du la bilen stå
Idar Stadheim · 2026-05-06 08:01:38
Statens vegvesen fryktar kaos i sentrum om ikkje reisande nyttar seg av kollektivtransport.

🔗 Related Articles (2)

View Graph
Fløyfjelltunnelen stenges mot sentrum hele helgen: – La bilen stå
Åsane Tidende · 2026-05-06 08:26:06 +
Bergen Hardangervegen Grimesvingene Åsane Arna Fløyfjelltunnelen Sandviken Bryggen Jørn Kristian Engebø Skyss Statens Tobias Sten Torgallmenningen
Skal du til Bergen i helga? Då bør du la bilen stå
Firda · 2026-05-06 08:01:38 +
Bergen Fløyfjelltunnelen Statens Arna Grimesvingane Jørn Kristian Engebø Torgallmenningen Vegvesenet Åsane

🏷️ Extracted Entities (9)

Bergen (entity) Fløyfjelltunnelen (entity) Statens (entity) Arna (entity) Grimesvingane (entity) Jørn Kristian Engebø (person) Torgallmenningen (entity) Vegvesenet (entity) Åsane (entity)