– Eg har ikkje alltid fått viljen min for å seie det sånn
Plus
Raymond Aase var ofte ueinig med fastlegen sin, men han kjente seg alltid sett og høyrt. Fire månadar etter at Halvard Martin Aag vann fram i retten, må han framleis vente på å ta opp att fastlegepraksisen sin.
– Eg fann ut at no ville eg stille opp for han.
Aase slår ut med hendene der han sit i sofaen heime i si eiga stove. 61-åringen fortel at han alltid har vore opptatt av retteferd, og no ønsker han å slå eit slag for ein han meiner fortener nettopp det.
– For meg er det ikkje viktig at eg får han tilbake som lege, men at han får ei rettferdig behandling.
Aase snakkar om Halvard Martin Aag, som han fekk som fastlege i 2006. Legen dreiv i mange år praksis på Radøy, men sidan 2024 har døra hans vore stengd for Aase og andre pasientar.
Bakgrunnen for saka er denne:
Staten kravde tilbake 1,2 millionar kroner som den meinte at fastlegen hadde overfakturert i møte med pasientane sine. I desember i fjor tok saka ei dramatisk vending. Med støtte frå Legeforeningen vann Aag fram mot staten i Oslo tingrett. Retten dømte i favør av at fastlegen hadde fakturert på riktig måte.
Etter avgjerda var tatt, skulle ein kanskje tru at Aag kunne ta opp att praksisen sin, men så lett er det ikkje.
Ny runde i retten
Aag si sak i tingretten blei sett på som viktig også for andre fastlegar i Norge.
Helfo følger opp at refusjonskravet fastlegen din sender etter at du har hatt time, er ført etter lova. Systemet er basert på tillit, men Helfo kan utføre etterkontrollar av refusjonane.
Helfo kan vurdere om den tida ein pasient er hos legen stemmer med den forventa tida for besøket.
Avgjerda som blei tatt i Oslo tingrett i favør av Aag kan få følger for liknande saker mot andre legar rundt om i landet. I februar blei det kjent at staten anka dommen frå tingretten. Bakgrunnen er at den ønsker ei tydelegare avklaring av dokumentasjonskrava for fastlegar.
Ankesaka skal etter planen gå i slutten av november i år.
Kan ta lang tid
Medan Aag ventar på den nye runden i rettssystemet, kan han ikkje ta opp att fastlegepraksisen verken i Alver eller andre stadar.
Samstundes som Aag fekk millionkravet mot seg, frådømte Helfo han også retten til å praktisere for trygda si rekning i tre år. Denne avgjerda klaga han inn for Helseklage – det nasjonale organet som behandlar klager på helsetenesta.
Då Aag vann fram i tingretten i fjor handla saka berre om refusjonskravet han hadde mot seg. Den gongen var klagen til legen framleis under behandling. Nokre månader seinare er klagen framleis under behandling. Helseklage har tidlegare uttalt til Dagens Medisin at det kan ta så lang tid som til etter neste runde i retten å fatte ei avgjerd.
Den siste tida har Dagens Medisin skrive fleire saker om problematikken Aag står i.
Stilte Vestre spørsmål
Denne våren har det komme fram at nær 4000 i Alver står utan ein fastlege. Mangelen på legar gir kommunen ekstrakostnadar for å hente inn vikarar.
I april skreiv tenesteleiar for lege- og rehabiliteringstenestene i Alver, Tord Moltumyr, eit innlegg i Dagens Medisin om situasjonen kommunen står i. Innlegget tar mellom anna opp den lange behandlingstida i Aag-saka.
I Stortinget sin spørjetime sist veke stilte Frp-representant Stig Atle Abrahamsen spørsmål til helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) om kva regjeringa gjer for å sikre pasientane når dei plutseleg står utan ein fastlege.
Han viste samstundes til at det kan ta lang tid før klager blir behandle hos Helseklage.
– På nokre månader i 2024 og 2025 mista 20 prosent av befolkninga i Alver fastlegen sin. Kva gjer regjeringa for å sikre pasientane sine rettar i denne situasjonen?
Kan måtte tydeleggjere
I svaret sitt viste Vestre til helse- og omsorgstenestelova. Lova seier kva pliktar kommunane har for å tilby nødvendige og forsvarlege tenester for innbyggarane sine. Alle har ein rett til å stå på ei fastlegeliste.
– Denne plikta, og den tilhøyrande retten, består sjølv om ein fastlege mistar retten til å praktisere.
Abrahamsen peikte vidare på at det er ei utfordring at saksbehandlinga tar så lang tid.
– Har statsråden sett på om kanskje byråkratiet rundt fastlegane har blitt litt for stort? Kan det vere grunn til å gjere endringar der?
Statsråd Vestre peikte i svaret sitt på tiltak som er gjort for å få ned saksbehandlingstida, auke kvaliteten på vedtaka og auke effektiviteten i arbeidet.
– Det kan godt vere at vi i det vidare arbeidet ser behov for å presisere, tydeleggjere eller endre regelverket.
Har følgd legen
Raymond Aase hadde Halvard Martin Aag som fastlege frå 2006 og fram til Aag mista retten sin til å praktisere for trygda si rekning.
– Eg vil tru eg hadde time hos han minst ein gong i månaden.
Sjølv om Aase flytta frå Radøy til Vassbygdvegen nær Hundvin i Alver, fortsette han å reise til Manger der Aag hadde praksisen sin.
– Av og til har eg sete på venterommet i fleire timar før det har blitt min tur. Men vi som har sete der har sagt til kvarandre at ventida har vore verd det. Møtet med legen har vore så godt.
Til NRK har Aag tidlegare fortalt om korleis han likar å ta seg tid med pasientane sine. Aase trur sjølv at han har brukt lengre tid på legekontoret enn det Helfo likar.
Håpar på rettferd
– Av og til har eg hatt behov for å snakke litt om helsa og vegen vidare. Då sit han ikkje der med ei stoppeklokke og seier at no er timen over.
Samstundes som Aase snakkar opp tida si hos fastlegen på Radøy, er det ikkje ein rein heltehistorie han fortel. Det har vore fleire gonger der lege og pasient har vore ueinige om kva som er den beste behandlinga vidare.
– Det har vore klinsj mellom oss, men då har det handla om dei faglege spørsmåla. Eg har ikkje alltid fått viljen min for å seie det sånn. Eg har gått skuffa frå kontoret hans, men eg har alltid klart å svelge skuffelsen.
Aase er i dag nøgd med fastelegevikaren sin. Samstundes meiner han det er viktig å stille opp for andre.
– I saka med Aag håpar eg at rettferda sigrar.
Staten anka dommen mot fastlegen: Vil fortsette kampen
Siger over staten i Helfo-saka: – Eg er letta og takksam
Staten anka dommen mot fastlegen: Vil fortsette kampen